Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Har du råd til å vere med i ei fagforeining?

Nokre seier det er dyrt å vere med i ei fagforeining. Kor mykje kostar det å vere medlem? Har du råd til å la vere?
Fagorganiserte streikar. Ein person står på eit podium og held ein appell. Rundt han er det mange raude, blå og kvite faner med logoen til ulike fagforeiningar påskrivne. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kontingent

Kontingenten til fagforeininga er skattefri. Det vil seie at du betaler ein prosentsats ut frå bruttolønna di.

I tillegg gir kontingenten frådragsrett på skattemeldinga. Det vil seie at du kvart år kan trekkje frå inntil 8000 kroner på skattemeldinga (2024).

Oppgåve 1

Eva er resepsjonist og tener kr 410 000 brutto i året. Ho vurderer å bli med i fagforeininga Fellesforbundet.

  1. Kor mykje skal ho betale i fagforeiningskontingent når kontingenten er 1,5 prosent (2024)?
  2. Kva nytte kan Eva ha av å vere med i Fellesforbundet?
  3. Synest du nytta veg opp for kostnaden?

Oppgåve 2

Ola er vektar og tener kr 454 560 i året. Han vurderer å bli med i fagforeininga Parat.

  1. Kor mykje skal han betale i fagforeiningskontingent når kontingenten er 1,2 prosent (2024)?
  2. Kva nytte kan kan Ola ha av å bli med i fagforeininga Parat?
  3. Synest du nytta veg opp for kostnaden?

Aktuelle nettstader

Fellesforbundet

Parat

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 28.02.2024

Læringsressursar

Arbeidsliv