Hopp til innhald

Fagstoff

Leiing

Kva vil det seie å leie? Vi blir alle leidde i ulike samanhengar, og kanskje har du òg prøvd deg som leiar? I ei bedrift inneber leiing å forvalte menneskelege og materielle ressursar på ein god måte.
Ein sjef og ei gruppe tilsette. Sjefen, i dress og slips, står fremst i biletet, medan dei tilsette står på ei linje nokre meter bak han. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei menneskelege ressursane er dei tilsette til bedrifta – med dei kvalifikasjonane og eigenskapane dei har. Dei materielle ressursane er det bedrifta eig i form av eigedelar og kapital. Alt må forvaltast på ein slik måte at bedrifta når måla sine.

Leiaroppgåver

Ei bedrift kan ikkje eksistere utan at mål blir sette og resultat blir kontrollerte mot dei måla som er sette. Leiaren har fått myndigheit til å ta dei avgjerdene som skal til for at bedrifta skal nå dei fastsette måla.

Måla kan vere fleire og ulike. Det kan dreie seg om å oppnå eit bestemt økonomisk resultat, eller det kan vere eit meir ideelt mål, som å få hjelpt så og så mange menneske.

Ei bedrift vil ikkje kunne eksistere lenge utan at ho går med overskot. Andre typar organisasjonar kan heller ikkje overleve over tid viss dei ikkje når måla sine i rimeleg grad.

Ein leiar kan delegere oppgåver, men kan ikkje delegere ansvaret sitt. Leiaren har alltid eit absolutt ansvar for bedrifta eller organisasjonen overfor styret, eigarane eller andre i ei tilsvarande rolle.

Leiareigenskapar

Å leie kan òg omtalast som å arbeide for å nå måla til organisasjonen gjennom andre. Som leiar skal du påverke og motivere. Har du evne til å vise , har du ei viss utstråling og er du resultatbevisst? Slike eigenskapar har mykje å seie for kor godt du lykkast med å påverke og motivere, og kva resultat du oppnår.

Også menneskesynet, humøret og temperamentet ditt vil påverke di evne til å motivere. Er du real og ærleg? Er du oppriktig, konsekvent og rettferdig? Er du fast, bestemt og handlekraftig, men likevel fleksibel og rimeleg? Er du med andre ord ein "likande", men konsekvent person? Då er du langt på veg til å lykkast som leiar.

Den samla leiarkompetansen består av kompetanse innanfor fleire felt. Du treng både administrativ, fagleg og sosial kompetanse.

Forholdet mellom administrativ og fagleg kompetanse

I ei lita bedrift kan den administrative kompetansen til leiaren vere låg, men kompetansen på det faglege feltet til bedrifta bør vere høg. I ei stor bedrift, der leiaren har ansvar for mange medarbeidarar, bør den administrative kompetansen vere høg, mens det ikkje er nødvendig med så store kunnskapar om fagfeltet til bedrifta.

Sosial kompetanse

Uansett kor stor bedrift det dreier seg om, bør leiaren ha høg sosial kompetanse. I tillegg har både alderen, erfaringa, utdanninga og menneskekunnskapen til leiaren mykje å seie for resultatet – ikkje minst i ei stor bedrift.

Leiarrolla er i stadig endring, og i mange bedrifter har ho gått frå å vere ei kontrollørrolle til å bli meir ei koordinatorrolle. Ein koordinator legg forholda til rette for at medarbeidarane skal kunne trivast, få brukt evnene sine og lykkast i arbeidet sitt.

Leiarar som gode døme

Leiinga har eit stort ansvar for å skape ein god kultur i organisasjonen, men alle må bidra. Den øvste leiaren og andre leiarar i organisasjonen bør forstå behovet for eit felles og godt samarbeidsklima i organisasjonen. Dei kan synleggjere kva kultur dei ønskjer, ved sjølve å vere gode døme. På den måten kan gode haldningar og eit positivt verdisyn byggjast opp. Ein slik prosess kan vere ein del av personalpolitikken.

Medråderett

Det betyr mykje at dei tilsette får kome med synspunkta sine og får vere med på å bestemme forhold som har med arbeidet deira å gjere. Det bør òg skapast eit klima der dei tilsette trygt kan gi utrykk for at dei ikkje nødvendigvis er einige i alt leiinga gjer. Men dei bør seie frå på ein ordentleg måte. Leiinga bør på si side tole kritikk utan automatisk å gå i forsvarsposisjon.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 05.11.2020

Læringsressursar

Arbeidsliv