Hopp til innhald

Fagstoff

Tenesteveg

Kven vender du deg til ved ulike spørsmål og problemstillingar på jobben? Nokre saker skal gå tenesteveg, men kva betyr eigentleg det?
Ein mann og ei kvinne i samtale. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mange arbeidsplassar har tydelege prosedyrar som beskriv kven du skal vende deg til i ulike situasjonar. Det kan likevel vere situasjonar der det er uklart, der du sjølv må finne ut kven du kan spørje.

Kven skal eg spørje?

Det er viktig både for deg som arbeidstakar og for arbeidsgivaren at du veit kva som er tenesteveg. Den næraste leiaren din er som oftast riktig person å gå til. På eit organisasjonskart kjem tenestevegen til syne ved linjene, som blir kalla kommandolinjer. Den næraste leiaren blir derfor ofte kalla linjeleiaren.

Det at du skal følgje linja, betyr òg at du ikkje skal vende deg direkte til leiarar høgare i bedrifta. Vi seier ofte at problem bør løysast på eit lågast mogleg nivå, som betyr at du skal ta det opp med den næraste leiaren.

Tenestevegen er spesielt viktig i store bedrifter med mange tilsette, der det er tydeleg ansvarsfordeling.

I ei lita bedrift med flat struktur kan det vere uoversiktleg kvar du skal gå med spørsmåla dine. Kven skal du til dømes spørje ved behov for innkjøp? Det er naturleg at du ber leiaren din om å orientere deg om dette når du startar i ein ny jobb.

Det er likevel ikkje alltid det er den næraste leiaren du bør vende deg til. På arbeidsplassen har vi tillitsvalde og verneombod som òg har eit definert ansvar for deg som tilsett.

Relatert innhald

Verneombod

Hovudregelen er at det skal veljast eit verneombod blant dei tilsette. Viss bedrifta har færre enn ti tilsette, kan arbeidsgivaren og arbeidstakarane avtale ei anna ordning. Alle arbeidstakarar skal telje med, både fast tilsette (heiltid og deltid), mellombels tilsette og tilsette som er leigde inn.

Rolla til verneombodet er å vareta interessene til arbeidstakarane i saker som gjeld arbeidsmiljøet. Viss du oppdagar forhold som kan føre til ulykkes- eller helsefare, skal du straks varsle verneombodet, leiinga og dei som er utsette for faren.

Tillitsvald

Oppseiingssaker, personalsaker og lønskonfliktar er saker der du bør snakke med den som er tillitsvald. Ein tillitsvald er vald blant medlemmene i fagforeininga til å representere deg overfor leiinga.

Viss du ikkje er medlem i ei fagforeining, må du sjølv ta slike saker opp med leiaren din.

Nokre tips

  • Ver lojal mot bedrifta og tenestevegen.
  • Ver ærleg overfor deg sjølv og kollegaene dine.
  • Tenk gjennom konsekvensane før du handlar.
  • Be om råd.
  • Unngå å lage alliansar på arbeidsplassen.
  • Set deg inn i rutinane på arbeidsplassen.
  • Ver profesjonell i arbeidet.
CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg, Gro Nedberg Grønlid, Tone Hadler-Olsen og Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 11.11.2020

Læringsressursar

Arbeidsliv