Bedrifters verdikjede og utkontraktering
Omgrepet verdikjede har fleire bruksområde. I denne samanhengen bruker vi det innan forretningsstrategi og til å forstå korleis enkeltbedrifter oppnår verdiskaping.
Verdikjedeaktivitetane i ei bedrift kan delast i to hovudkategoriar.
Primæraktivitetar, eller hovudaktivitetar, er aktivitetar som direkte bidreg til å skape inntekt. Sjølve produksjonen som bedrifta gjer, sal og marknadsføring er døme på primæraktivitetar.
Sekundæraktivitetar, eller støtteaktivitetar, er støttetenester som trengst for at primæraktivitetane skal kunne fungere – og fungere godt. Døme på dette kan vere utviklingsarbeid, økonomi, reinhald, personalforvaltning og leiing.
Utkontraktering (outsourcing) er når ei bedrift set ut aktivitetar og tenestedrift til eksterne leverandørar i staden for å ha tilsette, utstyr og ekspertisen internt i bedrifta.
Det finst fleire årsaker til at bedrifter utkontrakterer oppgåver. Det kan vere at dei ønsker å
auke lønnsemda ved å ha færre tilsette
straumlinjeforme bedrifta ved å legge vekt på primæraktivitetane til bedrifta
redusere behovet for lokale og utstyr
innhente kompetanse som berre er nødvendig i periodar
Eit enkelt døme på utkontraktering kan vere produksjon og drift av nettsider. Dei fleste bedrifter har behov for ei nettside, men utviklinga av nye nettsider tek ei avgrensa mengde tid og krev veldig spesialisert kompetanse, og seinare driftsoppgåver er avgrensa. For dei fleste bedrifter er det derfor upraktisk å tilsetje eigne webutviklarar, og mange vel heller å kjøpe inn dette frå ein ekstern aktør.
Kva oppgåver kan utkontrakteres?
Som nemnt deler vi oppgåvene til bedrifta i primæraktiviteter og sekundæraktiviteter. Primæraktiviteter blir sjeldan utkontraktert. Det er viktig at det finst intern kompetanse om dei, og sidan det er desse bedriftene tener pengar på, er det risikabelt å setje dei ut til andre.
Det er meir vanleg å utkontraktere sekundæraktivitetar. Det kan til dømes vere økonomi og lønn, utvikling og reinhald.
IT-tenester og IT-drift blir ofte utkontraktert. Ei spesiell årsak til det er behovet for spisskompetanse innan IT-sikkerheit.
Relatert innhald
Omgrepet verdikjede kan brukast om prosessen frå råvare og fram til det ferdige produktet som kan seljast til sluttbrukar. Her lærer du meir om verdikjede.