Vern barna
Nordmenn reiser stadig meir til utlandet. Dessverre kjem veksten i reiselivsnæringa med ei mørk bakside: Mange barn blir seksuelt utnytta i reiseliv og turisme, eller dei blir sette til ulovleg barnearbeid.
FN vedtok i 1988 den første internasjonale konvensjonen om rettane til barn, populært kalla barnekonvensjonen. Her står det mellom anna at barn skal ha
- vern mot økonomisk utbytting og mot å utføre arbeid som kan vere farleg eller til hinder for utdanning, eller som er helseskadeleg eller skadeleg for den fysiske, psykiske, åndelege, moralske eller sosiale utviklinga
- vern mot seksuell utnytting, inkludert vern mot alle former for seksuell utnytting og seksuelt misbruk
Dei fleste land har underteikna barnekonvensjonen, men oppfølginga varierer frå land til land. I Noreg er organisasjonen Redd Barna ein forkjempar for rettane til barn og for at barn skal få leve eit verdig liv – same kven dei er, og kvar dei bur.
Ifølgje Redd Barna lever meir enn 152 millionar barn som barnearbeidarar i verda i dag. Desse barna er i alderen fem til sytten år, og mange av dei er sette til farleg og helseskadeleg arbeid.
FNs barnefond (UNICEF) arbeider med naudhjelp, katastrofehjelp og utviklingshjelp. UNICEF hevdar at over 200 millionar barn i verda har arbeid som går ut over leik og skulegang. Nesten halvparten av desse barna jobbar heiltid og har direkte skadeleg arbeid.
Under koronapandemien var 500 millionar barn utan skuletilbod.
Tenk over
Kvar går grensa mellom småjobbar for lommepengar og utnytting av barn?
ECPAT er eit internasjonalt nettverk av organisasjonar som arbeider mot seksuell utnytting av barn. Fleire reisearrangørar har underteikna "ECPAT Code of Conduct", ein avtale som gir støtte og verktøy til reiselivsnæringa for å forhindre seksuell utnytting av barn. Gjennom avtalen forpliktar aktørane seg til å
- ha ein policy mot barnesexhandel
- lære dei tilsette om ECPATs arbeid
- informere gjestane om arbeidet
- ha ein klausul i hotellkontrakten som forbyr barnesexhandel på hotellet
- informere lokale samarbeidspartnarar om standpunktet sitt
ECPAT står for End Child Prostitution, Child Pornography and Trafficking of Children for Sexual Purposes. Fleire turoperatørar samarbeider med ECPAT. I Noreg samarbeider ECPAT mellom anna med Redd Barna.