Oppgåve
Korleis handlar vi etisk?
Forbrukarar blir stadig meir medvitne om å handle etisk og på den måten bidra til berekraftig utvikling. Men korleis kan vi vite at produkta vi handlar, verkeleg er etiske?
På sida etiskhandel.no står det at formålet til Etisk handel Norge er "å fremje ansvarleg forretningspraksis i leverandørkjeder slik at handel bidreg til å ta vare på menneske- og arbeidstakarrettar, samfunn og miljø".
Les informasjonen på sida deira, og drøft korleis dette blir gjort i praksis.
Ta utgangspunkt i eit sjølvvald norsk reisemål. Drøft i små grupper kva reiselivsbedrifter kan gjere for å følgje opp retningslinjer for etisk handel.
Relatert innhald
Fagstoff
Sosial berekraftig handelVi ser på nokre av utfordringane ved etisk handel og åtferd, og på korleis vi kan bli meir klar over etisk handel.