Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kundeopplevingar og omdømme

I denne oppgåva skal du analysere ei verdikjede og sjå korleis arbeid med berekraft kan verke inn på kundeopplevingar og omdømmet til ei bedrift.
Ein raud binders er brukt som eit ledd i ei metallenke. Foto.

Oppgåve – individuelt og i klassa

  • Vel ei bedrift du har lyst til å undersøkje. Det kan vere praksisbedrifta di eller ei anna bedrift du er nysgjerrig på.
  • Søk informasjon om bedrifta på nettet, og prøv å finne ut av korleis bedrifta jobbar med berekraft i heile eller deler av verdikjeda.
  • Bruk informasjonen du finn, til å sjå korleis berekraftsarbeidet til bedrifta påverkar opplevingane til kundane og omdømmet til bedrifta.
  • Kva meiner du bedrifta kan gjere betre?
  • Lag ein presentasjon om bedrifta og framfør han for klassa.
  • Diskuter i klassa korleis dei ulike bedriftene jobbar med berekraft, og kva som kan svekkje eller styrkje omdømmet til ei bedrift blant kundane.
  • Bli samde om ti viktige berekraftspunkt som kan forbetre kundeopplevingane og styrkje omdømmet til ei bedrift.
  • Bli samde om ti viktige berekraftspunkt som kan gjere kundeopplevingane dårlegare og svekkje omdømmet til ei bedrift.
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 11.02.2021

Læringsressursar

Berekraft i verdikjeda