Hopp til innhald
Oppgåve

Miniundersøking: berekraft og sirkulær økonomi

Korleis blir det jobba med berekraft og sirkulær økonomi i handelsnæringa der de bur?

Gruppeoppgåve

  • I denne oppgåva skal de gjennomføre ei miniundersøking om berekraft og sirkulær økonomi i handelsnæringa der de bur. Vel ei bedrift de ønskjer å sjå nærare på.
Bedrifter de kan undersøkje, kan til dømes vere:
  • ein kafé eller restaurant
  • ein daglegvarebutikk
  • ein klesbutikk
  • ei produksjonsbedrift
  • ein elektro-/kvitevarebutikk
  • ein byggjevarebutikk
  • De skal undersøkje korleis bedrifta jobbar med berekraft i verdikjeda. Sjå òg på korleis sirkulær økonomi eventuelt endrar eller har endra forretningsmodellen til bedrifta. Bruk til inspirasjon diagrammet over, som viser samanhengen mellom dei ulike fasane i sirkulær økonomi.
  • Bruk nettsida til bedrifta til å hente inn informasjon.
  • Kontakt bedrifta, presenter dykk og spør om de kan få stille nokre spørsmål om berekraft og sirkulær økonomi. Avtal gjerne eit møte med bedrifta for meir utfyllande informasjon.
  • Lag ein fin presentasjon av funna dykkar, og presenter dei for kvarandre. Trekk fram det de synest er spesielt bra.
  • Diskuter i klassen likskapar og forskjellar mellom dei ulike bedriftene gruppene har undersøkt.
  • Blir det jobba aktivt med berekraft og sirkulær økonomi i handelsnæringa der de bur?