Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kartlegg merkeordningar

Det finst mange merkeordningar for klede og tekstilar som skal gi informasjon om at produkta er berekraftige. Få oversikt over kva merke som finst, og finn ut korleis merka blir brukte.
Ein mann vurderer jakker som heng på eit klesstativ utanfor ein butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Merkeordningar

  1. Lag ei oversikt over merkeordningar for klede og tekstilar. Om de undersøkjer møblar, kan de ta med merkeordningar for treverk i tillegg. Oversikta kan innehalde til dømes:
  • korleis merket/logoen ser ut
  • kva krav som må oppfyllast for å kunne bruke merket
  • kva type produkt merka blir brukte på
  • kva for nokre av merka som gjeld miljø og rettferdig handel
  • kva andre område merket gjeld for

Oppgåve 2. Gå på «merkejakt»

  1. Kva vil de undersøkje? Lag eit spørsmål eller ein hypotese om merkeordningar og tekstilar/klede, som de har lyst til å undersøkje. Døme på ein hypotese: «Ingen syntetiske tekstilar er miljøvennlege.»
  2. Legg ein plan for korleis de vil finne svar på spørsmålet/hypotesen.
  3. Finn klesplagg som har merka de fann i oppgåve 1.
    Leit på skulen, heime, i nettbutikkar eller spør i ein lokal butikk om de får lov til å undersøkje klede eller møblar som blir selde der.
  4. De kan til dømes samle inn data om

    • merkeordning
    • produsent av produktet
    • type plagg/møbel
    • materialet plagget/møbelet er laga av
    • produksjonsland
  5. Systematiser dataa og prøv å svare på spørsmålet/hypotesen i a).
  6. Del det de har funne ut.

Oppgåve 3. Diskuter: Virke merkeordningane?

  1. Kvifor finst det merkeordningar for mellom anna miljø og berekraft?
  2. Ser de etter merke når de handlar klede?
  3. Dei som lagar produkta, må ofte betale for å bli sertifiserte slik at dei kan bruke merka på produkta sine. Kvifor er dei villige til å gjere det?
  4. Nokre produsentar har laga merke som liknar på anerkjende/sertifiserte miljømerke. Ein metode er å bruke merke som førestiller blomar og tre, eller merke med grøne sirklar. Fann de slike? Kvifor lagar nokre produsentar sine eigne merke?
  5. Diskuter påstandane under:

    Merkeordningar er ein måte å kjøpe seg godt samvit på.

    Miljømerke gjer det lettare å vere ein miljøvennleg forbrukar.

    Klesmerket er viktigare enn miljømerket.


Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 18.02.2020

Læringsressursar

Berekraft i verdikjeda