Hopp til innhald
Fagartikkel

Sosial berekraftig handel

Dei fleste produkta som blir selde i Noreg, har ei internasjonal verdikjede der rettane til menneska blir varetekne i varierande grad. Kva kan vi gjere for å skape ein meir sosial berekraftig handel?

Sosial berekraft

Den sosiale dimensjonen av berekraftsomgrepet handlar om at alle menneske skal få oppfylt rettane sine for å få eit anstendig liv. Å vareta menneskerettar er det viktigaste utgangspunktet for dette. Her handlar det til dømes om å gi folk høve til å gå på skule, utdanne seg og ha eit godt helsetilbod.

Sosial berekraft handlar òg om at alle skal ha anstendige arbeidsforhold med rettferdig betaling. Verksemder må ha kontroll på heile verdikjeda si, og sørge for at produktet deira ikkje blir produsert ved hjelp av barnearbeid eller under andre uverdige arbeidsforhold.

I klesbransjen har det eksempelvis vore fokus på arbeidsforholda til tekstilarbeidarane. 24. april 2013 kollapsa bygninga Rana Plaza i Bangladesh der fire tekstilfabrikkar heldt til. Fabrikken produserte mellom anna klede for H&M og Lindex. I ulykka døydde 1138 arbeidarar, og meir ein 2500 blei skadde. Ulykka førte til eit auka internasjonalt fokus på tryggleiken til arbeidarar på tekstilfabrikkar.

Tenk over

Kva meiner du er anstendige arbeidsforhold for ein tekstilarbeidar?


Utfordringar med internasjonal handel

Norske verksemder kjøper og sel varer og tenester i mange land – òg i land som har dårlege arbeids- og lønnsforhold og dårleg arbeidsmiljø. Det kan vere snakk om dårleg lønn, barnearbeid og ekstrem bruk av overtid. Tilfelle av smørjing og korrupsjon blir òg stadig avslørte.

Etisk handel Noreg (EHN) er ein medlemsorganisasjon og eit ressurssenter for berekraftig handel. Nedanfor kan du lese om arbeidsområda og målsetjingane deira.

Arbeidsområda og målsetjingane til EHN

Tvangsarbeid/slavearbeid

  • Det skal ikkje finnast noka form for tvangsarbeid, slavearbeid eller ufrivillig arbeid.

  • Arbeidarar skal ikkje måtte levere depositum eller identitetspapir til arbeidsgivar og skal fritt kunne avslutte arbeidsforholdet med rimeleg oppseiingstid.

Fagorganisering og kollektive forhandlingar

  • Arbeidarar skal utan unntak ha rett til å slutte seg til eller etablere fagforeiningar etter eige ønske og til å forhandle kollektivt. Arbeidsgivar skal ikkje blande seg inn i, hindre eller motarbeide fagorganisering eller kollektive forhandlingar.

  • Fagforeiningsrepresentantar skal ikkje diskriminerast eller bli hindra i å utføre fagforeiningsarbeidet sitt.

  • Dersom retten til fri organisering og/eller kollektive forhandlingar er avgrensa ved lov, skal arbeidsgivaren legge til rette for og ikkje hindre alternative mekanismar for fri og uavhengig organisering og forhandling.

Barnearbeid

  • Minstealder for arbeidarar skal ikkje vere lågare enn 15 år og i tråd med

    • nasjonal minstealder for tilsetjing, eller

    • minstealder for obligatorisk skulegang

    med høgaste alder som gjeldande. Dersom lokal minstealder er sett til 14 år i tråd med unntaket i ILO konvensjon 138, kan dette aksepterast.

  • Nyrekruttering av barnearbeidarar i strid med ovannemnde minstealder skal ikkje finne stad.

  • Barn under 18 år skal ikkje utføre arbeid som er til skade for helsa deira, tryggleik eller moral, inkludert nattarbeid.

  • Det skal etablerast handlingsplanar for snarleg utfasing av barnearbeid som er i strid med ILO-konvensjonane 138 og 182. Handlingsplanane skal dokumenterast og kommuniserast til relevant personale og andre interessentar. Det skal leggast til rette for støtteordningar der barn blir gitt høve til utdanning inntil barnet ikkje lenger er i skulepliktig alder.

Diskriminering

  • Det skal ikkje finnast diskriminering ved tilsetjing, lønnsutbetaling, opplæring, forfremming, oppseiing eller pensjonering basert pa etnisk tilhøyrsel, kaste, religion, alder, uførleik, kjønn, sivil status, seksuell legning, fagforeiningsarbeid eller politisk tilhøyrsel.

  • Det skal etablerast vern mot seksuelt påtrengande, truande, fornærmande eller utnyttande åtferd, og mot diskriminering eller oppseiing på usakleg grunnlag, til dømes ekteskap, graviditet, foreldrestand eller status som HIV-smitta.

Brutal behandling

  • Fysisk mishandling eller avstraffing, eller trussel om fysisk mishandling, er forbode. Det same gjeld seksuelt eller anna misbruk og andre former for audmjukingar.

Helse, miljø og sikkerheit

  • Det skal arbeidast for å sikre arbeidarar eit sikkert og sunt arbeidsmiljø. Farlege kjemikal og andre stoff skal håndteres forsvarleg. Nødvendige tiltak skal setjast i verk for å forhindre og minimere ulykker og helseskadar som resultat av, eller relaterte til, forhold pa arbeidsplassen.

  • Arbeidarar skal ha jamleg og dokumentert opplæring i helse og sikkerheit. Helse- og sikkerheitsopplæring skal gjentakast for nytilsette og omplasserte arbeidarar.

  • Arbeidarar skal ha tilgang til reine sanitærfasilitetar og reint drikkevatn. Viss relevant, skal arbeidsgivar òg sørge for tilgang til fasilitetar for trygg oppbevaring av mat.

  • Viss arbeidsgivar tilbyr losji, skal dette vere reint, sikkert, tilstrekkeleg ventilert og med tilgang til reine sanitærfasilitetar og reint drikkevatn.

Lønn

  • Lønn til arbeidarar for ei normal arbeidsveke skal minst vere i tråd med nasjonale minstelønnsreglar eller bransjestandard, og den høgaste gjeld. Lønna skal alltid vere tilstrekkeleg til å dekke grunnleggande behov, inkludert noko sparing.

  • Lønnsforhold og utbetaling av lønn skal vere skriftleg avtalefesta før arbeidet blir påbyrja. Avtalen skal vere forståeleg for arbeidaren.

  • Fråtrekk i lønn som disiplinærreaksjon blir ikkje tillate.

Arbeidstid

  • Arbeidstida skal vere i tråd med nasjonale lover eller bransjestandard, og ikkje overstige arbeidstid i samsvar med gjeldande internasjonale konvensjonar. Normal arbeidstid per veke skal vanlegvis ikkje overstige 48 timar.

  • Arbeidarar skal ha minst éin fridag per 7 dagar.

  • Overtid skal vere avgrensa og frivillig. Tilrådd maksimum overtid er 12 timar per veke, det vil seie samla arbeidstid på 60 timar per veke. Unntak frå dette kan aksepterast dersom det er regulert av ein kollektiv avtale eller nasjonal lov.

  • Arbeidarar skal alltid ha overtidstillegg ved arbeidstidstid over normal arbeidstid (sjå punkt 8.1 over), minimum i tråd med gjeldande lover.

Regulære tilsetjingar

  • Forpliktingar overfor arbeidarar i tråd med internasjonale konvensjonar, nasjonale lover og reglar om regulære tilsetjingar skal ikkje omgåast gjennom bruk av korttidsengasjement (som bruk av kontraktsarbeidarar, lausarbeidarar og dagarbeidarar), underkontraktørar eller andre arbeidsrelasjonar.

  • Alle arbeidarar har krav på ein arbeidskontrakt på eit språk dei forstår.

  • Lærlingeprogram skal vere klart definerte med omsyn til varigheit og innhald.

Marginaliserte befolkningsgrupper

  • Produksjon og bruk av naturressursar skal ikkje bidra til å øydelegge ressurs- og inntektsgrunnlag for urfolk eller andre marginaliserte befolkningsgrupper, til dømes ved å beslaglegge store landareal, uforsvarleg bruk av vatn eller andre naturressursar som befolkningsgruppene er avhengige av.

Miljø

  • Negativ miljøpåverknad skal reduserast i heile verdikjeda. I tråd med føre var-prinsippet skal det gjennomførast tiltak for kontinuerleg å minimere utslepp av klimagassar og lokal forureining, bruk av skadelege kjemikal, sprøytemiddel og for å sikre berekraftig ressursuttak og forvaltning av vatn, hav, skog og land og bevaring av biologisk mangfald.

  • Nasjonal og internasjonal miljølovgiving og -reguleringar skal overhaldast, og relevante utsleppsløyve skal innhentast.

Korrupsjon

  • Alle former for bestikkingar er uakseptabelt, slik som bruket av alternative kanalar for å sikre illegitime private eller arbeidsrelaterte fordelar til kundar, agentar, kontraktørar, leverandørar eller deira tilsette og dessutan offentlege tenestemenn/-kvinner.

Dyrevelferd

  • Dyrevelferd skal respekterast. Tiltak bør setjast i verk for å minimere negativ påverknad på produksjons- og arbeidsdyr si velferd.

  • Nasjonal og internasjonal dyrevelferdslovgiving og -reguleringar skal overhaldast.

Utnytting av barn

Ifølge Redd Barna lever meir enn 160 millionar barn som barnearbeidarar i verda i dag (2024). Desse barna er i alderen 5 til 17 år, og mange av dei er sette til farleg og helseskadeleg arbeid.

FNs barnefond (UNICEF) arbeider med nødhjelp, katastrofehjelp og utviklingshjelp.

Barnekonvensjonen

FN vedtok i 1988 den første internasjonale konvensjonen om barns rettar, populært kalla Barnekonvensjonen. Her står det mellom anna at barn skal ha

  • vern mot økonomisk utbytting og mot å utføre alt arbeid som kan vere farleg eller til hinder for utdanninga, eller skadeleg for helsa eller den fysiske, psykiske, åndelege, moralske eller sosiale utviklinga til barnet

  • vern mot alle former for seksuell utnytting og seksuelt misbruk

Dei fleste land har underteikna barnekonvensjonen, men oppfølginga varierer frå land til land. I Noreg er organisasjonen Redd Barna ein forkjempar for barn sine rettar, og for at barn skal få leve eit verdig liv – same kven dei er – og kvar dei bur.

Internasjonal kamp mot seksuell utnytting av barn

Fleire organisasjonar, som ECPAT, har involvert seg sterkt i det andre punktet i FNs barnekonvensjon: vern mot seksuell utnytting av barn. ECPAT står for End Child Prostitution, Child Pornography and Trafficking of Children for Sexual Purposes.

Les meir om ECPATS arbeid på ECPAT Norge sine sider.

Openheitslova

I arbeidet for sosial berekraftig handel er den nye norske openheitslova viktig. Ho tredde i kraft 1. juli 2022 og skal sørge for at organisasjonar og bedrifter speler med opne kort om korleis dei driv verksemda si. Den fulle tittelen på lova er " Lov om virksomheters åpenhet og arbeid med grunnleggende menneskerettigheter og anstendige arbeidsforhold".

Lova skal sørge for at grunnleggande menneskerettar og anstendige arbeidsforhold blir vareteke. Ho blir derfor òg kalla "menneskerettslova for næringslivet".

Kjelder

Etiskhandel.no: /https://etiskhandel.no/om-oss/

Redd Barna. Barnearbeid. /https://www.reddbarna.no/vart-arbeid/barn-i-verden/barnearbeid/

FN-sambandet. (2021, 25. februar). God utdanning. god-utdanning

Relatert innhald

Fagstoff
Openheitslova

Openheitslova tredde i kraft 1. juli 2022. Kvifor fekk vi denne lova, og kva konsekvensar vil ho få for norske verksemder?