Hopp til innhald

Fagstoff

Verdikjede

Når du går til frisøren, et på restaurant eller handlar inn til fredagstacoen, har alle produkta eller tenestene du bruker, gått gjennom mange ledd i ein prosess. Denne prosessen blir kalla ei verdikjede.

Kva er ei verdikjede?

Ei verdikjede beskriv ressursar, prosessar og aktivitetar som inngår i produksjonen av ei vare eller teneste. Verdikjeda knyter saman verksemder som tilbyr og etterspør varer og tenester seg imellom. Alle verdikjeder leier fram til eit sluttprodukt. Produktet kan vere ei fysisk vare, eller det kan vere ei teneste som blir tilboden i ein sluttmarknad. Verdikjedene kan vere både lokale, nasjonale og globale.

Ulike former for verdikjeder

Verdikjeda er ulik frå bedrift til bedrift. Det kjem mellom anna an på kva varer eller tenester bedrifta tilbyr i marknaden.

I ei produksjonsbedrift startar verdikjeda ved uttak av råvarer, til dømes frå fjell, hav, jord eller andre naturressursar.

Viss vi ser på ein sjømatprodusent, vil verdikjeda vere alle aktivitetane som fører fisken frå hav og fjord til bord. Verdikjeda startar ved å hauste rogn frå laks og drive ho fram i oppdrettsanlegg til fullvaksne laks, som igjen blir vidareforedla og bringa ut i marknaden til sluttbrukar.

For ei tenestebedrift, til dømes ei bedrift som driv med turistopplevingar, ser verdikjeda noko annleis ut.

Billingen seterpensjonat tilbyr overnatting, servering og opplevingar, i samarbeid med lokale leverandørar. Verdikjeda deira vil gå frå distribusjon og formidling av produktet til overnatting, servering og naturopplevingar. Sluttproduktet er turistopplevingar. Ei slik verdikjede involverer mange andre aktørar og tilbydarar, og sluttproduktet er knytt til lokale fortrinn i natur- og kulturressursar.

Det er viktig å merke seg at dei fleste norske reiselivsprodukt er avhengige av andre verdikjeder, til dømes av verdikjeda for mat og drikke i Noreg.

Frå jord til bord

Verdikjeda for mat er alle ledda maten går gjennom frå han blir produsert til han blir konsumert. Det er store variasjonar i dei ulike ledda i verdikjeda. Det avheng til dømes av om produktet må behandlast eller om det er eteklart, og av om produsenten sel produktet lokalt eller sender det vidare til pakking og transport før det kjem til butikken og vidare heim til kunden.

Kjelde

Menon Economics (2018). Rapport: Konkurranse i dagligvaremarkedet – konkurranse i alle ledd. Henta frå https://www.regjeringen.no/contentassets/4c26f095eaaa4f9c9d001762f78bcc72/virke-dagligvare---vedlegg.PDF?uid=Virke_Dagligvare_-_vedlegg.PDF

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 24.07.2023

Læringsressursar

Berekraft i verdikjeda