Budsjett i praksisbedrifta
Det kan vere stor forskjell på budsjettdøma du finn i lærebøker og dei budsjetta bedriftene lagar. I lærebøkene er oppsetta forenkla i forhold til verkelegheita. Men føremålet med å lage budsjett er det same, bedrifta skal ha ei oversikt over økonomien.
I praksisbedrifta di er det ein eller fleire som jobbar med økonomi og rekneskap. Du må få hjelp frå dei til å løyse oppgåva.
Førebu deg på å arbeide med budsjett. Repeter kva eit resultatbudsjett og eit likviditetsbudsjett er.
Be om å få sjå på resultatbudsjettet og likviditetsbudsjettet til bedrifta. Det er som regel mange linjer i budsjettet til ei bedrift, men du skal berre finne hovudtala.
Lag spørsmål som du skal stille til kollegaen din om den økonomiske stoda for bedrifta.
Resultatbudsjettet. Lag ein tabell og fyll ut:
Kalkulasjon | Kroner |
---|---|
Salsinntekter | |
= Sum salsinntekter | |
Varekostnad | |
Andre variable kostnader | |
− Sum variable kostnader | |
= Bruttoforteneste/DB | |
Faste kostnader | |
− Sum faste kostnader | |
= Resultat |
Likviditetsbudsjettet. Lag ein tabell og fyll ut:
Kalkulasjon | Månad 1 | Månad 2 |
---|---|---|
Inngåande behaldning | ||
Innbetalingar | ||
= Sum innbetalingar | ||
Utbetalingar | ||
= Sum utbetalingar | ||
= +− Innbetalingsoverskot/-underskot | ||
= Utgåande behaldning |
Kva tenkjer du om lønnsemda og likviditeten til bedrifta?