Hopp til innhald
Fagartikkel

Budsjettkontroll

Bedrifter utarbeider budsjett ut ifrå planar for drifta. Men det er ikkje alltid lett å føreseie korleis ting vil gå. Salet kan bli lågare, eller kostnadene høgare, enn anteke. For å få oversikt må bedrifta utføre budsjettkontroll, som er å samanlikne rekneskapen med budsjettet.

Korleis og kvifor utfører vi budsjettkontroll?

Når vi utfører budsjettkontroll, samanliknar vi budsjettet med rekneskapen. Vi samanliknar slik vi trudde det skulle bli, med slik det faktisk blei.

Det er to grunnar til at bedrifter utfører budsjettkontroll. For det første kan vi bruke budsjettkontroll til å justere kursen undervegs i eit år, og dette gjer vi når vi lagar budsjettkontroll på eit månadsfordelt resultatbudsjett.

For det andre bruker vi budsjettkontroll til å lage budsjettgrunnlaget for resultatbudsjettet for neste år. Når vi har undersøkt bakgrunnen for avvika mellom budsjett og rekneskap, kan vi vere meir treffsikre når vi arbeider med budsjettgrunnlaget for budsjettet for neste år.

Oppsettet for ein budsjettkontroll er slik (alle beløp er i tusen kroner):

Budsjettkontroll

Kalkulasjon

Budsjett (kr)

Prosent av salet (%)

Rekneskap (kr)

Prosent av salet (%)

Avvik (kr)

Avvik i prosent av budsjett (%)

Salsinntekter

1 000

100

1 200

100

200

20

Varekostnad

500

50

550

45,8

–50

–10

Bruttoforteneste/ dekningsbidrag

500

50

650

54,2

150

30

Faste kostnader:

Løn

200

20

210

17,5

–10

–5

Andre driftskostnader

100

10

100

8,3

0

0

Avskrivingar

10

1

10

0,8

0

0

Rentekostnader

10

1

10

0,8

0

0

Resultat

180

18

320

26,6

140

77,8

Som du ser, er oppsettet for budsjettkontrollen likt med resultatbudsjettet. Avviket blir rekna ut for å finne forskjellen mellom budsjettet og rekneskapen. Legg merke til at utrekninga for å finne avviket er ulik for inntekter og kostnader.

Utrekninga for salsinntekter, dekningsbidrag og resultat er dette reknestykket: rekneskap – budsjett = avvik.

Når du finn avviket på kostnadene, bruker du dette reknestykket:
budsjett – rekneskap = avvik.

Tenk over

Kvifor blir reknestykket ulikt for inntekter og kostnader?

Prosent

Vi lagar prosentutrekningane for å enklare kunne samanlikne tala. Å samanlikne prosent gir oss ofte eit betre bilete av situasjonen enn å samanlikne tal. Til dømes er varekostnaden større i dømerekneskapen enn i budsjettet talmessig, 550 000 kroner og 500 000 kroner, men i forhold til salsinntekta er prosenten lågare, 45,8 prosent og 50 prosent.

Dømet ovanfor fortel oss to ting: Vi har brukt meir pengar på varer, og dette er logisk fordi vi har selt meir, og samtidig har vi oppnådd ein effektivitetsgevinst fordi varekostnaden i prosent av salet er lågare, 45,8 prosent i forhold til 50 prosent.

Dekningsbidrag og bruttoforteneste

Vi bruker omgrepet i prissetjing, mens i budsjett og rekneskap bruker vi omgrepet . Utrekninga av dekningsbidrag og bruttoforteneste er lik, og kronebeløpet blir likt. Begge tala blir òg rekna i prosent av salsinntekta utan meirverdiavgift.