Oppgåve
Budsjettarbeid
Ut frå Kontorbedrifta AS sine budsjetterte salsinntekter skal du utarbeide budsjett for varekjøp, innbetalingar og utbetalingar.
Kontorbedrifta AS budsjetterer salsinntekter med mva. for følgande månader:
Januar | Februar | Mars | April |
---|---|---|---|
kr 300 000 | kr 175 000 | kr 130 000 | kr 270 000 |
- Salet skjer med 1 månads kreditt.
- Bruttofortenesta er 40 %.
- Innkjøp av varene skjer med 1 månads kreditt.
- Kundefordringane utgjer 130 000 kroner per 31.12.
- Leverandørgjelda utgjer 70 000 kroner per 31.12.
Set opp likviditetsbudsjett for dei fire første månadene:
- innbetalingsbudsjettet frå kundane
- varekjøpsbudsjettet
- utbetalingsbudsjettet til leverandørane