Resultatbudsjettet og likviditetsbudsjettet til Lyngdal Mote AS
Resultatrekneskap og balanse for Lyngdal Mote AS såg slik ut i 20xx:
Kalkulasjon | Kr |
---|---|
Salsinntekt | 6 695 000 |
– varekostnad | 4 436 000 |
= bruttoforteneste | 2 259 000 |
Lønn og lønnskostnader | 1 366 000 |
Husleige | 180 000 |
Marknadsføring | 249 000 |
Andre driftskostnader | 290 000 |
– sum faste kostnader | 2 085 000 |
– finanskostnader | 103 000 |
Resultat | 71 000 |
Kalkulasjon | Kr |
---|---|
Sum anleggsmiddel | 182 000 |
Varelager | 2 231 000 |
Fordringar | 187 000 |
Bank | 232 000 |
Sum omløpsmiddel | 2 650 000 |
Sum eigedelar | 2 832 000 |
Eigenkapital | 1 960 000 |
Langsiktig gjeld | 455 000 |
Leverandørgjeld | 417 000 |
Sum eigenkapital og gjeld | 2 832 000 |
Anne Sofie vil flytte butikken til eit lokale i byen, bort frå kjøpesenteret i byen. Dette betyr at ho må investere i oppussing av det nye lokalet og andre ekstra kostnader knytt til flyttinga.
Anne Sofie lagar eit resultatbudsjett med utgangspunkt i følgjande forventningar for det neste året:
Ho vil auke salsinntektene med 10 %.
Bruttofortenesta blir den same i prosent av salsinntekt.
Ho vil justere ned lønnskostnadene til 1 000 000 kr fordi ho ikkje lenger skal følgje opningstidene til kjøpesenteret.
Husleiga blir billigare – ho skal no betale 10 000 kr i månaden.
Ho forandrar ikkje på beløpet som skal brukast til marknadsføring.
Andre driftskostnader blir høgare, ho bereknar å bruke totalt 390 000 kr.
Interiør og utstyr skal avskrivast med 20 % (saldoavskriving). Investeringa er på 500 000 kr.
Finanskostnadene aukar med 20 000 kr sidan ho må ta opp meir lån.
Oppgåve
Set opp resultatbudsjettet for Lyngdal Mote AS.
Vurder forventa resultat.
Anne Sofie vil òg lage eit likviditetsbudsjett for dei første 6 månadene.
Kalkulasjon | Januar | Februar | Mars | April | Mai | Juni |
---|---|---|---|---|---|---|
Inngåande behaldning | ||||||
+ innbetalingar | 450 000 | 350 000 | 450 000 | 550 000 | 650 000 | 550 000 |
– utbetalingar | 550 000 | 400 000 | 650 000 | 550 000 | 350 000 | 450 000 |
+innbetalingsoverskot/ -underskot | ||||||
= utgåande behaldning |
Ho har ei bankbehaldning 1. januar på kr 232 000.
Oppgåve
Fullfør likviditetsbudsjettet.
Vurder likviditeten. Kva kan Anne Sofie gjere for å betre likviditeten?