Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppgåver til likviditetsbudsjett

I likviditetsbudsjettet får vi ei oversikt over kommande innbetalingar og utbetalingar. Likviditetsbudsjettet viser bedrifta si behaldning av likvidar (bank- og kassabehaldning). Å ha kontroll på inn- og utbetalingane er viktig for alle bedrifter.
Ein kunde betaler for varer i eit kioskvindauge. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om oppgåvene

I oppgåvene nedanfor skal du setje opp forenkla likviditetsbudsjett. For å gjere det enklare er ikkje meirverdiavgift teken med.

Last ned Excel-arbeidsboka og løys oppgåvene på arka.

Oppgåve 1

Kiosken AS har ei inngåande behaldning på kr 250 000. Kontante innbetalingar frå kundar er forventa å vere kr 350 000 i dei tre månadene januar, februar og mars. Utbetalingane er forventa å vere kr 200 000 i januar og februar, før det i mars kjem inn ein del ekstra utbetalingar, slik at det til saman blir kr 350 000 i denne månaden.

Legg inn tala i arket merka oppgåve 1, og finn ut kva utgåande behaldning i mars vil vere med desse inn- og utbetalingane.

Oppgåve 2

Lampebutikken AS sel varer på nettet. Kundane får 15 dagar kreditt. Salet er som regel jamt fordelt i kvar månad. Dette betyr at halvparten av salet blir innbetalt neste månad. På same måte får butikken 15 dagar kreditt frå leverandørane sine. Andre forventa utbetalingar står lista i tabellen.

Bruk arket merka oppgåve 2. Inngåande behaldning 1. januar er kr 100 000. Kva er utgåande behaldning i mars dette året?

Dagleg leiar vil gjerne auke lønna si til kr 50 000 brutto i månaden. Er det økonomi til det, synest du?

Tal for lampebutikken

Månad

Januar

Februar

Mars

Salsinntekt

300 000

350 000

350 000

Varekjøp

150 000

150 000

200 000

Løn

40 000

40 000

40 000

Husleige

15 000

15 000

15 000

Andre utbetalingar

20 000

20 000

20 000

Tomatar heng i klasar på tomatplante. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3

Gardsbutikken AS har både kontantsal og kredittsal. I tabellen under ser du korleis forventa sal fordeler seg på dei ulike månadene. Kundane får 10 dagar kreditt. Inngåande behaldning 1. mai er kr 90 000.

innbetalingar

Månad

Mai

Juni

Juli

August

Kontantsal

10 000

35 000

50 000

35 000

Kredittsal

60 000

150 000

330 000

300 000

Gardsbutikken AS har følgande forventa utbetalingar i desse månadene. Det er 30 dagar kreditt på varekjøpet.

utbetalingar

Månad

Mai

Juni

Juli

August

Lønn

50 000

120 000

120 000

120 000

Varekjøp

60 000

20 000

20 000

10 000

Andre utbetalingar

60 000

30 000

20 000

10 000

Bruk Excel-skjemaet og legg inn tala i arket merka oppgåve 3. Kva blir forventa utgåande behaldning 31. august? Kva vil du foreslå at Gardsbutikken AS kan gjere når dei forventar stram likviditet?

Filer

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 09.01.2024

Læringsressursar

Budsjett