Resultatbudsjett for Økologisk Mat AS
Her er eit utdrag frå resultatrekneskapen for 20x2:
Salsinntekter | kr 1 700 000 |
---|---|
Varekostnader | kr 800 000 |
Bruttoforteneste | kr 900 000 |
|
|
Faste kostnader: |
|
Lønn | kr 500 000 |
Husleige | kr 120 000 |
Marknadsføringskostnader | kr 50 000 |
Avskrivingar | kr 70 000 |
Andre driftskostnader | kr 25 000 |
Sum faste kostnader | kr 765 000 |
|
|
Resultat | kr 135 000 |
Habibsa vil setje opp resultatbudsjettet for 20x3 og har henta inn følgande informasjon: Marknaden er i tøff konkurranse. Derfor vil ho senke prisane slik at bruttofortenesta går ned til 45 %.
Salsinntektene skal auke med 15 %. Lønn skal gå opp med 2 %. Andre driftskostnader skal auke med 10 %.
På grunn av auka konkurranse i marknaden ønsker Habibsa å satse meir på reklame. Marknadsføringskostnadene skal derfor utgjere 5 % av budsjetterte salsinntekter. Avskrivingane og husleige blir verande uendra.
- Set opp resultatbudsjett for 20x3.
- Rekn ut resultatgrad og kommenter budsjettet.