Budsjettering for Lykkeliten UB
Forretningsideen til Lykkeliten UB lyder: «Vi i Lykkeliten UB ønskjer å planleggje og gjennomføre bursdagsselskap for barn frå 4 til 10 år i Vindafjord kommune.»
Produktet dei tilbyr, er planlegging, gjennomføring og oppfølging av barnebursdagar i gymsalen på Lundeneset vidaregåande skole. Det overordna målet er å få 20 % i forteneste av salsinntekta.
Dei kjøper varer frå Kiwi og Europris i Ølensvåg og frå Storcash i Haugesund. UB-en er friteken for mva., arbeidsgivaravgift og skatt på grunn av låg omsetning og låg lønn. Timelønn i samband med bursdagsselskap som blir arrangerte etter skoletid, er kr 100.
Oppgåve 1
Du skal setje opp salsbudsjett, innkjøpsbudsjett, resultatbudsjett og likviditetsbudsjett for Lykkeliten UB for 4. kvartal, på bakgrunn av desse opplysningane:
- Salsmåla for 4. kvartal er eitt barneselskap per veke, men med ulikt tal på deltakarar. Dei går ut frå at inntektene blir: kr 8.000 for oktober, kr 12.000 for november og kr 10.000 for desember, utan mva. Bruttofortenesta er 75 %.
- Salet av barneselskap blir fakturert per 15 dagar, men det er som regel ein kunde kvar månad som vil betale kontant, så vi anslår kontantsalet til å utgjere 25 % (eitt av selskapa per månad).
- Varebehaldninga aukar med kr 1000 i oktober og med kr 500 i kvar av dei to siste månadene.
- Lykkeliten UB blei stifta i september og har per 1. oktober ikkje pådrege seg leverandørgjeld.
- Varene blir kjøpte inn på Storcash, med månadleg faktura som blir betalt per 14 dagar i månaden etter, i tillegg til at det blir gjort nokre kontantkjøp i Ølensvåg. Kredittkjøpa utgjer 80 %, og kontantkjøpa utgjer dermed 20 %.
- Lønnskostnadene er budsjetterte til kr 3.000 i oktober, kr 4.000 i november og kr 3.500 i desember, men blir utbetalte på bakgrunn av innleverte timelister i månaden etter. Ingen får lønn for september.
- Andre driftskostnader – til etableringsgebyr, marknadsføring og sal – er kr 400 per månad. Husleiga er kr 100 per gang, budsjettert til kr 400 per månad, og blir betalt per 30 dagar.
- UB-en vil investere i anleggsmiddel som dei vil bruke i alle barneselskapa dette skoleåret. Anleggsmidla blir kjøpte kontant for kr 1200 i oktober og avskrivne lineært over dei åtte månedane UB-en blir driven.
- Renteinntektene frå banken er låge på grunn av lite innskot (startkapital og forteneste), men er budsjetterte til kr 10 per månad.
- Startkapitalen for Lykkeliten UB var kr 5.000 kr, da dei hadde 50 selde eigardelar.
Oppgåve 2
Berekne fortenesta i prosent av salsinntekta per månad og samla. Når dei det overordna målet?
Oppgåve 3
- Kvifor set vi opp både salsbudsjett, innbetalingsbudsjett, innkjøps-/varekjøpsbudsjett, utbetalingsbudsjett, likviditetsbudsjett og resultatbudsjett?
- Forklar forskjellen/samanhengen mellom dei ulike budsjetta.
Vedlagt løysingforslag til oppgåvane.