Arbeid med resultatbudsjett
Budsjettet for neste år skal vere eit hjelpemiddel og ein inspirasjon i arbeidet til bedrifta. Det skal vere eit hjelpemiddel til å styre kostnadene, for vi kan ikkje kjøpe noko vi ikkje har pengar til. Og det skal vere ein inspirasjon til å yte litt ekstra for å nå salsmåla vi har vore med på å bestemme.
Viss alt budsjettarbeidet blir diktert ovanfrå og ned, utan at dei tilsette får bidra, vil truleg verken budsjettet eller resultatet for neste år bli tilfredsstillande.
Eit slikt budsjett kan kjennast som ei tvangstrøye. Dei tilsette kan miste noko av gneisten, sidan dei ikkje har fått bidrege i det viktige budsjettarbeidet.
Tilsette som har fått ei reell moglegheit til å påverke budsjettprosessen, vil truleg få eit anna eigarforhold til budsjettet. Dette kan igjen føre til eit sterkt ønske om å bidra til at bedrifta når måla dei har sett i fellesskap.
Salsavdelinga
Vi startar gjerne med å be seljarane tenkje gjennom korleis salet kan bli neste år. Dei ser på salet for inneverande år og vurderer trendar og prisar framover. Ut ifrå dette kan salsavdelinga kome med eit forslag til budsjett for salsinntekter.
Innkjøpsavdelinga
Innkjøpsavdelinga arbeider kontinuerleg med å forhandle og inngå nye avtalar med leverandørar. Dei har dermed oversikt over prisane på varene vi treng. Når salsavdelinga har sett salsmåla sine, kan innkjøpsavdelinga rekne ut dei direkte kostnadene som er knytte til salet. Dette dannar grunnlaget for dei budsjetterte varekostnadene.
Økonomiavdelinga
Økonomiavdelinga held oversikt over dei mange kostnadene til bedrifta. Når bedrifta har budsjettert salsinntekter og varekostnader, kan dei rekne ut dekningsbidraget.
Dekningsbidraget skal dekkje dei faste kostnadene, og det skal gi bedrifta ei forteneste. Økonomiavdelinga har god oversikt over lønskostnader og andre faste kostnader, og dette legg dei inn i budsjettet.
Tenk over
Diskuter fordelar og ulemper med å involvere dei tilsette i budsjettprosessen.