Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bruk av fellesgode

Reiselivet baserer seg ofte på fellesgode, som er tilgjengelege for alle. Flott natur er eit av dei viktigaste fellesgoda for norsk reiseliv.
Ein person poserer på ein fjelltopp. Biletet er teke idet hen gjer eit hopp opp i lufta. Det er vakker utsikt til fjell og hav og fine og stille vêrforhold. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Diskusjon

Søk på nett, og diskuter i par:

  • Korleis marknadsfører norsk reiseliv fellesgoda i Noreg?
  • Korleis trur de fellesgoda, og tilrettelegginga av desse, blir finansierte? Korleis bør dei bli finansierte?
  • Bør turistar betale for å bruke fellesgoda – kvifor, og kvifor ikkje?

Oppgåve 2. Ut på tur!

Fellesgoda er ofte kjernen i reiselivsproduktet, og dei er gode vi alle har tilgang til. Fellesgode inkluderer alt frå turiststiar, skiløyper og byparkar, til opne konsertar og retten til å slå opp telt i utmarka.

I denne oppgåva skal de gå ein tur ut og ta bilete av fellesgoda der de bur.

  • Del klassen i tre grupper.
  • Gruppe 1: Gå ut og ta bilete av natur- og kulturgode.
  • Gruppe 2: Gå ut og ta bilete av infrastruktur, som til dømes parkar, toalettanlegg, flyplassar og annan infrastruktur som er viktig for reiselivet.
  • Gruppe 3: Oppsøk ei reiselivsbedrift (turistkontor, overnattingsstad med meir) og finn bilete i marknadsføringsmateriell som viser korleis fellesgoda blir brukte i marknadsføringa av destinasjonen. Sjå til dømes på brosjyrar og digitalt marknadsføringsmateriell som blir brukte i marknadsføringa av heimstaden dykkar.

Oppgåve 3. Oppsummering

  • Lag ein presentasjon av bileta dykkar.
  • Sett presentasjonane saman til ei felles oversikt over fellesgoda i reiselivet frå der de bur. Kanskje er det meir enn de trudde?
Fire smilande personar går i retning kamera. I bakgrunnen er det steinskulpturar og ei vassfontene. Fleire personar går blant skulpturane. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Reiselivet baserer seg ofte på fellesgode som er tilgjengelege for alle. Slike gode betyr mykje for attraksjonsverdien til mange destinasjonar.

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2020

Læringsressursar

Samarbeid i reiselivsnæringa