Vekst gjennom samarbeid
Reiselivsnæringa har lenge brukt samarbeid som eit strategisk verkemiddel. Gjennom samarbeid styrkjer Noreg og norske destinasjonar konkurranseevna si. Noreg som destinasjon konkurrerer med resten av verda om bli eit føretrekt reisemål.
Ved å samarbeide oppnår reiselivsaktørane stordriftsfordelar, til dømes i samband med innkjøp, marknadsføring og opplæring og når dei treng juridisk hjelp. I dei fleste samarbeidsorganisasjonane er det vanleg at medlemmene betaler ein kontingent, og på den måten blir dei med i eit felles spleiselag til felles nytte.
Også innanlands er det konkurranse om å vinne turistar. Reiselivsnæringa på dei enkelte destinasjonane samarbeider derfor òg for å styrkje tilbodet sitt og posisjonen sin i den norske marknaden. Samarbeidet føregår både mellom aktørar i same bransje og på tvers av bransjar.
Bransjesamarbeid ser vi til dømes når overnattingsbedrifter samarbeider gjennom kjeder, slik som De Historiske – hotel & spisesteder. Eit anna døme er skisenter som sel heiskort som kan brukast på fleire skianlegg.
Samarbeid på tvers av bransjar ser vi mellom anna når eit cruiseselskap samarbeider med eit busselskap, eit guidebyrå og ein serveringsstad.
Reiselivsnæringa er kompleks og består av alt frå store skidestinasjonar til små suvenirbutikkar og gardsutsal. For at næringa skal kunne tilby eit konkurransedyktig og heilskapleg reiselivsprodukt, må alle dei små og store aktørane samarbeide. Saman skaper dei eit sterkare tilbod enn dei ville klart åleine eller som konkurrentar. I tillegg må reiselivsnæringa samarbeide med andre næringar, slik at både gjestar og lokalbefolkning får tilfredsstilt ønska og behova sine.
Nasjonalt samarbeid
Reiselivsaktørane samarbeider òg med dei store nasjonale reiselivsorganisasjonane:
- NHO Reiseliv er den største norske næringsorganisasjonen for reiselivsnæringa, med om lag 3400 reiselivsbedrifter som medlemmer.
- Innovasjon Noreg Reiseliv har ansvaret for å profilere Noreg som reisemål og utviklar marknadskampanjar.
- Virke Reise er ein næringsorganisasjon som representerer tradisjonelle reiselivsbedrifter, reisebyrå og museum.
- Norsk Økoturisme organiserer reiselivsbedrifter som er sertifiserte som økoturismebedrifter, og sertifisereringa blir drifta av Hanen.
- Hanen er ein bransje- og marknadsorganisasjon som representerer om lag 500 bedrifter innanfor bygdeturisme, gardsmat og innlandsfiske.
- Norsk Reiseliv, tidlegare Forum for Reiseliv, er ei uavhengig bransjeforeining for reiselivet i Noreg. Foreningen blei oppretta i 2004. Ho har som føremål å styrkje innverknaden og posisjonen i reiselivsindustrien som ein leiande industri og å skape grunnlaget for at Noreg som destinasjon tek ein større del av den internasjonale veksten i reiselivet.
Alle desse organisasjonane driv eit medlemsbasert samarbeid der aktørane betaler ein kontingent for å bli med i fellesskapet.