Oppgave
Kartlegg reiselivet i heimfylket ditt
Turistsjefen i fylket har bede dykk om å kartleggje reiselivet i fylket. Denne informasjonen treng turistsjefen for å leggje ein strategi for berekraftig reiselivsutvikling i fylket.
De har fått i oppdrag av turistsjefen å kartleggje reiselivet på ein valfri destinasjon i fylket. Føremålet med kartlegginga er å få informasjon som kan brukast i den langsiktige planlegginga av ei berekraftig reisemålsutvikling. Bruk høgsesongen som utgangspunkt.
Del 1: hente inn informasjon
- Klassa blir samde om kva destinasjon de vil undersøkje.
- Klassa fordeler kartleggingsoppdraget mellom seg, og kvart par vel frå lista under kva dei skal undersøkje:
- Kven er turistane, og kvar kjem dei frå?
- Kor mange overnattingar er gjennomsnittet i høgsesongen, og kor lenge varer dei?
- Kvar overnattar turistane, og kva overnattingsmoglegheiter finst?
- Kva aktivitetar gjer turistane på destinasjonen, og kva aktivitetar finst?
- Kva attraksjonar oppsøkjer turistane på destinasjonen, og kva attraksjonar finst?
- Kva transportmiddel bruker turistane mest, og korleis kjem dei seg til destinasjonen?
- Kor mykje pengar bruker turistane på destinasjonen i gjennomsnitt?
Del 2: rapport
- Bruk informasjonen de fann, og lag ein rapport om det de undersøkte. Lag gjerne fine diagram, bruk bilete, og skriv ein liten introduksjon.
- Set saman funna dykkar til ein heilskapleg rapport.
- Del den ferdige rapporten med klassa.