Hopp til innhald
Oppgåve

"FarOut" – øyhopping på Sørlandet

Sørlandet er kjent for den flotte skjergarden sin, og her er det mange moglegheiter! Du har fått ein forretningsidé og skal lage ein forretningsmodell.

Innleiing

Sørlandet er kjent i Noreg for den flotte skjergarden sin med små uthamner, urørte holmar og skjer. Du jobbar i reiselivet og er sjølv veldig glad i å ferdast på sjøen, sove ute og vere på tur. Eit år var du på øyhopping i Middelhavet og likte det veldig godt. Du vil undersøkje moglegheita for å starte ei bedrift som organiserer øyhopping på Sørlandet. Du tenkjer pakketurar som inkluderer guide, havkajakk, telt/hengjekøye, utstyr, mat og drikke.

Førebuing

  • Jobb i grupper på to eller tre.
  • Jobb med plakatar, post-it-lappar og tusj.
  • På plakaten teiknar de opp "Business Model Canvas" og bruker post-it-lappane til å skrive på og plassere i riktig "boks".
  • Bruk internett til å

    • finne informasjon om skjergarden på Sørlandet og les litt om dei ulike stadene og kva moglegheiter som finst
    • sjå andre tilbydarar av liknande tilbod, både på Sørlandet og andre stader i landet og bruk det du tenkjer er bra inn i prosjektet dykkar
    • undersøkje moglege samarbeidspartnarar

Oppgåve

Del 1: Lag ein forretningsmodell for den nye bedrifta

Tips

Sjå den relaterte artikkelen "Forretningsmodellar i reiselivsnæringa" nedst på sida og les om "Business Model Canvas".

Del 2: Forklar og diskuter

  • Forklar modellen dykkar for dei andre gruppene.
  • Gi kvarandre innspel og tilbakemeldingar på modellane de har laga.
  • Fyll på med post-it-lappar om det dukkar opp nye punkt til "boksane".

Relatert innhald