Hopp til innhald

Fagstoff

Kartlegging av reiselivet

Kor mange turistar kjem til Noreg kvart år? Kva ønskjer turistar som kjem til Noreg? Kva kjenneteiknar norske turistar? Dette og mange andre spørsmål kan vi finne svar på i ulike kartleggingar av reiselivet.

Det er mange ulike aktørar, både private og offentlege, som kartlegg ulike område innanfor reiselivet i Noreg. Nokre av dei største er Innovasjon Norge Reiseliv, Statistisk sentralbyrå og NHO Reiseliv. I tillegg er det nokre forskingsinstitusjonar som kartlegg på oppdrag.

Visit Norway Innsikt

Kvart år intervjuar Innovasjon Norge tusenvis av norske og utanlandske turistar på ferie i Noreg. Målet er å kartleggje føremålet med reisa, korleis dei reiser og kven dei reiser saman med. I tillegg blir aktivitetar og pengebruk kartlagd. Kva er ønskte aktivitetar, kva blei gjennomført, og kor fornøgde var dei med aktivitetane? Funna blir publiserte i ein stor rapport og er eit nyttig verktøy for reiselivsaktørane i Noreg.

Turistundersøkelsen frå Visit Norway Innsikt

Reiselivsåret 2019, Visit Norway

Turistundersøkelsen - vinter 2023

Statistisk sentralbyrå (SSB)

Fire gonger i året gjennomfører SSB Reiseundersøkelsen, som har som føremål å kartleggje reisevanane til nordmenn i Noreg og i utlandet.

Reiseundersøkelsen til SSB

Reiseundersøkelsen 2022, SSB

NHO Reiseliv

NHO Reiseliv engasjerer mellom anna Telenor og Norsk Gallup til å gjennomføre ulike kartleggingsundersøkingar. Til dømes gjennomførte dei hausten 2019 ei kartlegging av reiseplanane til nordmenn for haustferien og hausten generelt. NHO Reiseliv publiserer resultat frå slike undersøkingar på nettsidene sine.

Tal og fakta frå NHO Reiseliv

Høstgallup 2023, NHO Reiseliv

Tall og fakta om reiselivsnæringen, NHO Reiseliv

Senter for reiselivsforskning

Senter for reiselivsforskning kartlegg forskings- og utviklingsbehovet for reiselivet i Innlandet. Føremålet med dette er å få betre kjennskap til kva tema og område aktørane sjølv vurderer som dei mest sentrale.

Reiserådgivingsteneste

MIMIR er eit døme på ei reiserådgivingsteneste som kartlegg og gjennomfører moglegheitsstudium, analysar og utgreiingar for reiselivet på oppdrag. Dei leverer rådgivingstenester både til private bedrifter og offentlege etatar, som Innovasjon Norge. Kjernekompetansen deira er:

reisemålsutvikling, markeds- og konseptvurderinger, opplevelsesdesign og attraksjonsutvikling, klyngeutvikling og prosjektledelse, samt ulike typer analyser og utredninger.


Kjelder

Visit Norway Innsikt. (u.å.). Turistundersøkelsen. https://business.visitnorway.com/no/turistundersokelsen/

Statistisk sentralbyrå. (2020, 28. april). Reiseundersøkelsen 2019. https://www.ssb.no/transport-og-reiseliv/artikler-og-publikasjoner/reiseundersokelsen-2019

Senter for reiselivsforskning. (2016, 22. november). Kartlegging av reiselivets forskningsbehov. https://www.reiselivsforskning.org/?s=kartlegging
MIMIR. (u.å.). Mulighetsstudier, analyser og utredninger. https://mimir.no/tjenester/?Article=33

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 27.02.2023

Læringsressursar

Samarbeid i reiselivsnæringa