Hopp til innhald

Fagstoff

Samarbeidsformer i reiselivet

Det finst ikkje éi fast form eller éin fast modell for samarbeid i reiselivsnæringa. Samarbeidsformene er like varierte som næringa sjølv. Likevel kan vi sjå nokre likskapstrekk.

Det heilskaplege reiselivsproduktet

Tenk deg at du planlegg ei hyggjeleg feriereise. Du bruker kanskje nettet for å velje transportmiddel, overnattingsstad, lokale opplevingar og spennande matstader. Du har sikkert ikkje komme langt i planlegginga før du har vore innom eit titals ulike reiselivsbedrifter. Kvar og ei av dei tilbyr sin del av reisa du er i ferd med å setje saman.

Visit Flåm som døme

Nettsida til Visit Flåm har ein enkel meny over lokale tilbod. Å setje saman ein slik meny krev både god koordinering og ein felles strategi. Dei fleste reiselivsbedriftene har eit etablert samarbeid. Samarbeidet kan anten gå føre seg direkte mellom bedriftene, eller det kan gå føre seg indirekte ved at dei er medlemmer i lokale organisasjonar som koordinerer og utviklar felles produkt.

Figuren nedanfor illustrer det komplekse samarbeidet i Flåm. Som du ser, samarbeider Visit Flåm med mange andre aktørar i reiselivsnæringa for å kunne tilby eit heilskapleg reiselivsprodukt.

Dei ulike reiselivsaktørane i Flåm er viste som delar av ein sirkel. Kvar for seg tilbyr dei turistane informasjon og bookingmoglegheiter, reisealternativ, overnatting, servering, opplevingar og aktivitetar. For å illustrere at aktørane samarbeider og dannar ein heilskap, går det ei pil frå kvar del av sirkelen til den neste. Kva heilskapen består i, står skrive i midten av sirkelen, nemleg at dei tilbyr gjestane gode opplevingar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samarbeid basert på geografi

I Noreg er det vanleg at reiselivsaktørar som er geografisk nære kvarandre, samarbeider. Samarbeidet kan eksistere på alle nivå: i bygdelag, på kommunenivå, på tvers av kommunar, på fylkesnivå, på landsdelsnivå og på nasjonalt nivå.

Døme på samarbeid basert på geografi – nasjonalt

Konseptet Opplev nye sider av Norge er eit døme på eit nasjonalt samarbeid. Dei som har gått saman om dette konseptet, tilbyr eit heilskapleg reiselivsprodukt som lèt deg skreddarsy din eigen pakketur i Noreg. Her kan du bestille på førehand og betale samla for både transport, overnatting, servering og opplevingar.

Fjord Tours står som utviklar av Opplev nye sider av Norge, som er eit heilårsprodukt. Fjord Tours er ein aktivitetsleverandør, og eig verken hotell, bussar, båtar eller tog, men har samarbeidspartnarar som tilbyr transport, overnatting og opplevingar. Sjølve står dei for formidlinga og tilrettelegginga, og dei transporterer turistane dit dei vil, i ulike «pakkar». På nettsidene til Fjord Tours kan du bestille din eigen opplevingsferie i Noreg – med turar, aktivitetar og hotell – i éi enkel booking. Du kan velje blant meir enn 200 aktivitetar og setje saman ei reiserute med overnattingar som passar planen din.

Hos Fjord Tours kan du òg bestille ein ferdig rundtur som blir kalla Norge i et nøtteskal. Produktet blir marknadsført i ulike kanalar, til dømes hos Visit Norway, som skriv dette om rundturen:

Turen tar deg med gjennom noen av de vakreste landskapene i Vestlandet. Du opplever den vakre Bergensbanen, den imponerende Flåmsbana, Aurlandsfjorden, den trange Nærøyfjorden og den stupbratte Stalheimskleiva. Du kan starte Norge i et nøtteskall® turen fra Oslo, Voss eller Bergen hele året. […] Overnatting underveis er mulig på alle rundturene. Prøv Fjord Pass®, Norges største hotellpass. Med dette i lommen får du rabatt på 170 overnattingssteder over hele Norge.

Nettsida til Fjord Tours

Les meir om Norge i eit nøtteskall på fjordtours.com.

Samarbeid basert på tema og produkt

Stadig fleire samarbeidsorganisasjonar i reiselivet er baserte på eit tema, eit produkt eller eit marknadsområde. Ei viktig årsak til det er at ein stor del reisande finn informasjon på nettet og vel reise ut frå sine eigne interesser.

Døme på produktbasert samarbeid – regionalt

Ullruta i Bergen er eit godt døme på korleis reiselivsnæringa kan etablere eit samarbeid med utgangspunkt i eit produkt og utvikle eit heilskapleg reiselivsprodukt rundt det. Ullruta er ein biltur som tek deg med på ei reise gjennom fleire tusen år – frå vikingtida til vår tid. Bergensregionen har i dag ei komplett samling av attraksjonar som har med ull å gjere. Du kan gå på museum for å lære om ullas historie, du kan besøkje fabrikkar og motehus som sel moderne norskproduserte ullplagg til heile verda, du kan overnatte på ein tradisjonell vestlandsgard og komme tett på sauen, og du kan lære å strikke og veve.

Bli med på Ullruta

Les meir om Ullruta på visitbergen.com.

Døme på temabasert samarbeid – kommunalt

Den Gyldne Omvei er eit døme på korleis reiselivsnæringa kan samarbeide rundt eit tema – i dette tilfellet mat, kunst og kultur. Den Gyldne Omvei er ei vegstrekning som går gjennom eit vakkert kulturlandskap i Inderøy kommune i Nord-Trøndelag. Her har dei satsa på eit heilskapleg reiselivsprodukt med mat-, kunst- og kulturopplevingar.

Samarbeidsformer i hotell- og serveringsbransjen

Hotell- og serveringsbransjen samarbeider ofte i kjeder. De Historiske Hotel & Spisesteder (De Historiske) er eit døme på eit frivillig kjedesamarbeid. Hotella er lokaliserte rundt om i heile landet.

De Historiske er ein medlemsorganisasjon som består av 66 hotell, 23 matserveringsstader og 2 båtar. Hotella og serveringsstadene har fortida som ramme for verksemda, og skriv dette om tilbodet sitt:

Utsøkte matretter og årgangsviner, vakker kunst og kultur, design og utsmykking basert på lange tradisjoner og historie, herskaplig behandling, spennende historiefortellinger, en romantisk stemning og mye mer kan oppleves uten å måtte forlate hotellene. Golf, kanefart, skiløyper, fjorder, fosser, fiske, jakt, båtliv, fjelltopper, museer, shopping, ridning, vandreturer og mye mer kan du oppleve rett utenfor våre dører, hvis det skulle friste.

Samarbeid i serveringsbransjen

Serveringsbransjen består av mange små og mellomstore sjølvstendige verksemder. Mange av verksemdene er knytte til ulike kjeder, spesielt innanfor hurtigmat. Serveringsbransjen femnar eit breitt spekter av ulike typar verksemder: restaurantar, kafear, barar, cateringbedrifter, kantiner og gatekjøkken.

Kjelder

Fjord Tours (u.å.). https://www.fjordtours.com/no/#redirected

Visit Bergen (u.å.). Bli med på ullruta. https://www.visitbergen.com/ting-a-gjore/turer/bilturer-i-bergensregionen/bli-med-pa-ullruta

Den Gyldne Omvei (u.å.). https://dgo.no/

De Historiske (u.å.). Om oss. https://www.dehistoriske.no/om-oss/

Fondet for regionale verneombud i hotell, restaurant og renhold (u.å.). https://rvofond.no/hrr/aarsrapport/2016/overnatting-og-servering.html

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen og Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2023

Læringsressursar

Samarbeid i reiselivsnæringa