Hopp til innhald
Fagartikkel

Internasjonalt samarbeid i reiselivsnæringa

Reiselivsnæringa er ei global næring som har hatt ein enorm vekst – bortsett frå under covid-19-pandemien. Veksten har gitt utfordringar når det gjeld berekraft. Internasjonale bransjeorganisasjonar samarbeider derfor om ein global etisk standard som skal sikre ei berekraftig reiselivsutvikling.

Internasjonale reiselivsorganisasjonar

Reiselivsnæringa er ei verdsomspennande næring, og det finst fleire store internasjonale reiselivsorganisasjonar, der også Noreg er medlem. Dei to største er Verdsturismeorganisasjonen (UNWTO) og FN-organisasjonen for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon (UNESCO).

UNWTO – den største turismeorganisasjonen i verda

UNWTO er FNs særorganisasjon for turisme. Over 150 land er med i organisasjonen. Noreg har vore medlem sidan 2008.

UNESCO og verdsarvlista

UNESCO skal bidra til fred, tryggleik og ei berekraftig utvikling gjennom samarbeid og utveksling av kunnskap og idear over landegrensene. I 2019 var talet på medlemsland 193, etter at USA og Israel melde seg ut same året.

UNESCO arbeider for å verne kultur- og naturarven i verda, og eit viktig ledd i dette arbeidet er verdsarvlista – ei liste over stader i verda som blir rekna for å vere dei viktigaste naturområda og kulturminna i verda. Verdsarvlista bestod i 2018 av 1 092 stader. Noreg har 8 stader på lista, mellom dei Røros, Rjukan og Bryggen i Bergen.

Om verdsarvlista til UNESCO

Du finn både eit interaktivt kart og ei alfabetisert liste over stadene på UNESCOs verdsarvliste.

Norske stader på UNESCOS verdsarvliste

HOTREC – pådrivar for eit gunstig europeisk lovverk for reiselivsnæringa

HOTREC er ein for restaurantar, hotell, pubar og andre reiselivsbedrifter i Europa. Det er eit europeisk samarbeid med 40 nasjonale reiselivsorganisasjonar fordelte på 29 land, mellom anna Noreg ved NHO Reiseliv.

HOTREC driv med sikte på å påverke EU-regelverket til fordel for reiselivsnæringa. Mellom anna jobbar dei med å få rapporteringsplikt for Airbnb og andre liknande selskap.

Innovasjon Noreg i utlandet

Innovasjon Noregs satsing på reiseliv skal bidra til auka lønsemd, mellom anna gjennom at Noreg tek marknadsdelar internasjonalt. Satsinga består mellom anna av at Innovasjon Noreg

  • prøver å påverke bransjen av internasjonale turoperatørar som sel reiser til Noreg
  • legg til rette for at journalistar skal skrive om Noreg som eit interessant reisemål

Innovasjon Noreg har kontor i meir enn 30 land.

Innovasjon Noreg Reiseliv og Visit Norway

Det tidlegare Nærings- og handelsdepartementet har gitt Innovasjon Noreg Reiseliv ansvaret for å utvikle og halde ved like den offisielle reiseguiden til Noreg, Visit Norway.

Visitnorway.com er Innovasjon Noregs viktigaste distribusjonskanal i marknadsføringa av Noreg som ferieland, både i Noreg og internasjonalt.

Dei landa som er dei viktigaste marknadene for Noreg, har alle sin lokale variant av visitnorway.com, til dømes visitnorway.de i Tyskland. Dei lokale visitnorway-sidene er tilpassa dei respektive landa.

Kjelder

FN-sambandet. (u.å.). Verdens turismeorganisasjon (UNWTO). Henta frå https://www.fn.no/om-fn/fns-organisasjoner-fond-og-programmer/verdens-turismeorganisasjon-unwto

Utanriksdepartementet. (u.å.) Norge og OECD/UNESCO. Henta frå https://www.norway.no/no/missions/oecd-unesco/oecd---unesco/om-unesco/unescos-arbeidsomrader/

NHO Reiseliv. (u.å.). NHO Reiseliv og HOTREC. Henta frå https://www.nhoreiseliv.no/vi-mener/hotrec/