Nasjonal satsing, lokalt arbeid
Oppgåvene nedanfor kan løysast individuelt eller i grupper. Etterpå kan de diskutere svara i klassa.
Organisering
Undersøk og gi døme på korleis reiselivet er organisert i nærområdet ditt. Aktuelle spørsmål:
Finst det eit eige destinasjonsselskap?
Korleis er samarbeidet mellom myndigheitene og private aktørar?
Korleis er samarbeidet mellom reiselivsaktørar og andre næringar?
Er det endringar i organiseringa etter at den nye nasjonale reiselivsstrategien blei lansert? Korleis og kvifor, i så fall?
Utvikling av opplevingar og reisemål
Undersøk og gi døme på følgjande:
Korleis blir opplevingstilbodet på din heimstad teke vare på og vidareutvikla?
På kva måte blir den nasjonale strategien implementert i det lokale arbeidet?
Blir det jobba med Merket for berekraftig reisemål? Dersom ja, på kva måte? Dersom nei, kvifor ikkje?
Sal og marknadsføring
Drøft salet og marknadsføringa av norsk reiseliv:
På kva måte bidreg regjeringa i salet og marknadsføringa av norsk reiseliv?
Kva meiner du regjeringa bør satse på, og kvifor?
Kva målgrupper har reiselivsnæringa på din heimstad, og korleis blir desse målgruppene nådde?
Korleis kan marknadsføring bidra til ei berekraftig reisemålsutvikling?
Relatert innhald
Nasjonal reiselivsstrategi 2030 er ein strategi for ei heilskapleg utvikling av norsk reiseliv og Noreg som reisemål.