Hopp til innhald
Fagartikkel

Pandemi – krise eller moglegheit?

Reiselivet i Noreg, og i resten av verda, fekk ein bråstopp i mars 2020. Verda stengde ned på grunn av covid-19, og reiselivet blei hardt ramma. Kan krisa bidra til å løyse nokon av utfordringane reiselivsnæringa stod i allereie før koronapandemien?

Gjenskaping av problema

Tidlegare kriser i reiselivet, i kjølvatnet av katastrofar, kraftig økonomisk nedgang, terror eller liknande, har likevel vist at det er godt mogleg å stable seg på beina igjen, om ein har eit godt grunnlag. Kraftige økonomiske tiltak i kombinasjon med den sterke reiselysta til menneske har bidrege til å føre kriseramma destinasjonar tilbake til "normalen".

Utan samanlikning elles er tsunamien i Søraust-Asia i 2004 eit døme på dette: Katastrofen utløyste bokstaveleg talt ein ny flaum i form av økonomisk krisehjelp og massive investeringar. Dette bidrog til å byggje opp livsgrunnlaga til dei millionane av menneske som lever av turisme i dette området. I løpet av få år var strendene igjen fylte med turistar, no innlosjerte i endå fleire og dyrare hotell og luksusresortar, stort sett reserverte for vestlege turistar med tjukk lommebok.

Men like raskt som feriegjestane vende tilbake, kom òg alle problema knytte til turisme tilbake for fullt: Overfylte strender, forsøpling og sosial og kulturell marginalisering vitna om ei reiselivsnæring som igjen blomstra økonomisk.

Meir enn kroner og øre

Skal stadig nye besøksrekordar i allereie hardt belasta turistdestinasjonar, som Lofoten og Geiranger, framleis vere den einaste vår på suksessen til reiselivet? Tenk om situasjonen vi er inne i no, faktisk kan bidra til å løyse nokre av utfordringane reiselivsnæringa stod i allereie før koronapandemien. Dette er særleg utfordringar som handlar om korleis turisme påverkar natur, miljø, sosiale og kulturelle forhold – utfordringar som ikkje så lett kan målast i kroner og øre.

Sjølv om sektoren er avhengig av jamt besøk og inntening, bør ikkje pengar og rekordbesøk vere den einaste indikatoren på kor bra det går for turistnæringa. Vi er alle kjende med kor belastande denne næringa kan vere i område som ikkje har god nok infrastruktur eller fasilitetar.

Dei ibuande moglegheitene i krisetider

"Tourism Concern" er ein britisk organisasjon som jobbar for etisk og rettferdig turisme. I 2005 la dei fram ein rapport der hjelpetiltaka etter tsunamien blei evaluerte. Konklusjonen deira var at mange styresmakter og hjelpeorganisasjonar blei så ivrige etter å stable økonomien tilbake på beina at dei gjekk glipp av moglegheita til å jobbe fram meir langsiktige og berekraftige løysingar – løysingar som ikkje berre la til rette for å raskt tene inn det tapte for næringa, men som òg handla om å jobbe fram heilskaplege perspektiv der omsyn til miljø og sosiokulturelle forhold òg blei inkluderte.

Samtidig har historia igjen og igjen vist oss korleis kriser gir opphav til nye og kreative løysingar. Koronakrisa fører med seg moglegheita til å reflektere over korleis turistnæringa kan bli berekraftig ved å ta betre omsyn til miljømessige og sosiale forhold, i tillegg til dei økonomiske.

Etterspurnad etter noko anna

Reiselivsforskarar er i full gang med å diskutere framtida til næringa. Det alle er samde om, er at næringa vil bli hardt ramma og at reiselivssektoren derfor treng hjelp til å stable seg på beina.

Mange er likevel positive på vegner av det norske reiselivet. Viss reiserestriksjonane blir haldne oppe, vil mange nordmenn bli tvinga til å halde fram med å feriere i eige land. Dette vil openbert utløyse ein auka etterspurnad etter kortreiste opplevingar og produkt, og det vil føre til at fleire oppdagar kva vårt eige land har å by på. Fleire vil erkjenne at ein faktisk ikkje treng å reise så langt for å få dei gode opplevingane.

Berekraftig kompetanse

Uansett kva som ventar oss: Situasjonen vi no står i, gir både forbrukarane og reiselivsnæringa ei unik moglegheit til å reflektere, restarte og endre måten å tenkje på reisevanar på.

Reiselivsnæringa er tufta på å tilpasse seg ønska og behovet til kundane, og mange reiselivsaktørar er allereie bygde opp rundt lokalbaserte ressursar og opplevingar. Mange reiselivsaktørar i Noreg er allereie klare over berekraft og fokuserer på kortreist kvalitet framfor kvantitet. Mange bedrifter opplever òg at lokalsamfunnet støttar opp under dei no som krisa har ramma.

Lokal omfamning av lokalt næringsliv gir håp for mange i ei tung tid. Likevel er utfordringane mange, og ikkje alle bedrifter har økonomien eller kompetansen til å omstille seg til alternative driftsmåtar. Situasjonen har synleggjort kor sårbare mange reiselivsaktørar er, og kor viktig det er å vere rusta til å takle situasjonar som den vi no er inne i.

I tida framover blir det derfor spesielt viktig å støtte opp under reiselivsaktørane, ikkje berre økonomisk, men med kunnskap og kompetanse om korleis ein kan drive berekraftig reiseliv. Dette blir viktig både på kort sikt, for å redde ei næring i krise, men òg på lang sikt, med tanke på framtidig helse, miljø og sosiale forhold.