"Gone surfing!"
Jobb saman i par med alle delane i oppgåva:
Del 1
De har fått i oppdrag å sjå på moglegheitene til å skape ein surfedestinasjon i Hoddevika, ytst ved Stad i Nordfjord.
Kommunen ønsker å stimulere til ein heilårig reiselivsdestinasjon, men er litt usikre på kva som skal til. Dei ønsker at de lagar eit planutkast til korleis de tenker det kan sjå ut, og kva dei kan tilby turistane.
Lag ei teikning (ein plakat) over området og korleis de tenker det kan sjå ut. Bruk gjerne bilete som illustrerer planen dykkar.
Ta høgd for
- overnatting
- servering
- attraksjonar
- transport
- andre tilbod og infrastruktur
Del 2
Kommunen ønsker òg at destinasjonen skal jobbe for å bli merkt som eit berekraftig reisemål.
- Bruk handboka for reisemålsutvikling, kapittel 5 (lenka finn du under Tips nedanfor). Lag eit utkast til ein plan og set opp punkt for fase 1 Hoddevika.
- Vel eitt punkt på lista dykkar som de utdjupar, og lag ein plakat med bilete som viser forslaga dykkar.
Del 3
- Diskuter i par ringverknadene ein heilårig surfedestinasjon i Hoddevika kan ha for områda rundt.
- Skriv ei oppsummering over kva eit slikt reisemål kan bety for kommunen og for andre destinasjonar i nærleiken.
Del 4
- Lag ein presentasjon for klassen om surfedestinasjonen Hoddevika.
Relatert innhald
Dei første turistane kom til Noreg på 1800-talet. Utviklinga av reiselivet har gått fort. Kva skal til for at ein stad blir ein reiselivsdestinasjon?