Destinasjonsutvikling
Interessa for Noreg som ferieland aukar stadig, og turistomsetninga stig. Framleis er det eit stort potensial for vekst. I lys av FNs berekraftsmål må all vekst vere berekraftig over tid. Vi må fokusere på verdiskaping som kjem alle involverte til gode, både bedrifter og lokalsamfunn.
Destinasjonsutvikling er ikkje det same som produktutvikling. Produktutvikling handlar om å utvikle og etablere til dømes eitt nytt opplevingssenter, mens destinasjonsutvikling handlar om å utvikle tilbodet på destinasjonen som heilskap.
Destinasjonsutvikling handlar om eit systematisk arbeid med å utvikle eit berekraftig, heilskapleg reiselivsprodukt på ein destinasjon. Prosessen krev eit samarbeid mellom privat næringsliv og offentlege aktørar.
For å sikre ei berekraftig utvikling i reiselivet må ein involvere aktuelle reiselivsaktørar på destinasjonen. Lokal berekraftig verdiskaping er sentralt for destinasjonsutvikling. Å utvikle ein destinasjon er ein lang prosess som involverer mange aktørar over lang tid. Det krev ein felles visjon og ei felles forståing for korleis vi skal nå målet.
Heilårig reiseliv
Det er ikkje berre positivt å få inn enorme mengder turistar. Turisme som fører til stor slitasje på reisemål og lokalsamfunn, blir kalla overturisme. Ved å utvide sesongen til eit heilårig reiseliv vil vi kunne få vekst utan problema med overturisme. Då blir det større spreiing av turistar, og slitasjen på dei mest populære destinasjonane blir redusert.
Strategisk arbeid
Når vi arbeider med destinasjonsutvikling, lagar vi ein samla strategiplan, ofte kalla ein "masterplan". Ein masterplan er eit fellesverktøy for kommunar/fylkeskommunar og reiselivsaktørar, og han er forankra både i politiske planar og i dei eigne strategiane til reiselivsnæringa.
For å hjelpe norske destinasjonar i utviklingsprosessen har Innovasjon Noreg utarbeidd Håndbok for reisemålsutvikling. Handboka er meint som ei "hjelp til sjølvhjelp" og fungerer som eit gratis oppslagsverk med faglege råd, skildring av prosessar og erfarings- og kunnskapsdeling.
Målet med handboka er å
bidra til utviklingen av attraktive, bærekraftige og lønnsomme reisemål gjennom utvikling av helhetlige og langsiktige strategiske planer og bedre samhandling på reisemålene
Fasar i utviklingsarbeidet
Reisemålsutviklinga består av tre fasar:
Fase 1: Forstudien. Forstudien er ein situasjonsanalyse der vi avklarer føresetnadene for fase 2. Kvar er vi i dag?
Fase 2: Strategifasen. I denne fasen set vi mål med tilhøyrande strategiar, og vi prioriterer tiltak. Det er òg viktig i denne fasen å planleggje korleis eigarskap skal forankrast. Strategien må baserast på ei semje om visjonar og mål mellom aktørane på destinasjonen. Strategifasen skal gi aktørane ei felles, langsiktig og strategisk plattform for arbeidet med å utvikle destinasjonen på ein lønsam og berekraftig måte.
Fase 3: Gjennomføring – frå ord til handling. I denne fasen skal strategien forankrast og tiltaka skal finansierast og gjennomførast.
Vesterålen blei i 2019 ferdige med masterplanen sin, "Bærekraftig vekst mot 2025". Masterplanen følgjer fasane for reisemålsutvikling frå handboka, og dei er no i strategifasen. Dei skriv:
Det er tre perspektiver som må håndteres i en bærekraftig reisemålsutvikling. Evne til å skape vekst og økt verdiskaping, evne til å møte utfordringer som følger av endringer (digitalisering, nye markeder, nye kundebehov, klimautfordringene, m.m.) og evnen til å håndtere den veksten som skapes på en god måte. Ikke minst i forhold til de lokalsamfunnene der veksten vil komme.