Hopp til innhald
Oppgåve

Pakketering!

Når vi i reiselivet set saman ulike produkt til ein pakke, blir dette kalla for pakketering. I denne oppgåva skal du kome med forslag til nye pakketilbod for ein destinasjon.

Pakkereiser blir ofte knytte til store turoperatørar og sydenferiar. Pakkane inkluderer oftast transport, transfer til og frå hotellet, overnatting og eventuelle måltid eller "all-inclusive".

No blir det jobba mykje med pakketering til ulike målgrupper hos norske destinasjonsselskap, resorthotell og turoperatørar. Også ulike former for tematurar blir organiserte som pakketilbod.

Oppgåve

Del 1

  • Jobb i par eller åleine.
  • Ta utgangspunkt i fylkeskommunen der du bur.
  • Vel to ulike målgrupper, og pakketer eit tilbod som passar til kvar av målgruppene dine. Det kan gjerne vere ein tematur.
  • Tilboda skal innehalde

    • transport til og frå destinasjonen/overnattingsstaden
    • overnatting
    • måltid (du vel kor mange som er inkluderte)
    • aktivitetar/opplevingar
    • totalpris
Tips

Hafjell Resort på Lillehammer har ulike pakketilbod heile året, les meir på "Pakker og tilbud", hafjellresort.no.

Trysil har òg ulike pakketilbod, les meir på "Pakketilbud", trysil.com.

Dyreparken i Kristiansand tilbyr ulike pakkeløysingar til besøkjande, les meir på "Pakker og kampanjer", dyreparken.no.

Del 2

  • Lag ein fin presentasjon med bilete av dei to pakketilboda de har utarbeidd.
  • Presenter i klassen.
  • Stem på dei to beste forslaga, og send dei gjerne til destinasjonsselskapet i fylket ditt.