Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Statistikk og berekraft

I Noreg har vi blitt gode på å sjå kor viktige berekraftige reiselivsdestinasjonar er for lokalsamfunnet. Korleis blir det jobba med dette i utlandet?
Fotografi av solsenger ved kvit strand.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve i par eller individuelt

Del 1

  • Vel eit reisemål i utlandet de er nyfikne på, det kan vere ein storby, eit reisemål i Syden, ei tropisk stillehavsøy eller noko anna.

  • Undersøk reiselivsstatistikk for reisemålet, til dømes:

    • Kor mange turistar kjem kvart år?

    • Kva land kjem turistane frå?

    • Kor lenge (i gjennomsnitt) blir dei på reisemålet?

    • Kor stor del av dei lokale innbyggjarane jobbar med reiselivet direkte eller indirekte?

    • Kor mange hotellsenger er der tilbod om?

    • Kva aktivitetar er dei mest populære?

    • Er det ein høgsesong, eller er turistane fordelte jamt ut over året?

    • Kor viktig er turisme for samfunnet?

  • Lag ei oversikt, og noter svara.

Tips til å finne internasjonal reiselivsstatistikk

På nettsida til UNWTO (World Tourism Organization) kan du finne "Tourism Statistics Data".

Del 2

  • Leit på internett etter informasjon om korleis og i kva grad det blir jobba med berekraft her.

  • Lag ei oversikt over kva som blir gjort, og kvifor.

  • Diskuter på kva måte eventuelle tiltak kjem lokalbefolkninga og miljøet til gode.

  • Prøv å finne ut om det finst ein reiselivsstrategi, sertifiseringsordningar, turistskattar eller anna som det blir jobba med på politisk plan.

  • Diskuter kvifor det er viktig med berekraftig reiseliv for reisemålet de har valt.

  • Noter svara.

Del 3

  • Lag ein presentasjon av funna:

    • Beskriv og presenter reisemålet.

    • Forklar korleis dei jobbar med berekraft, og kva det har å seie for lokalsamfunnet.

    • Dersom berekraft ikkje er på agendaen til reisemålet, kom med konkrete forslag til kva som bør gjerast.

    • Illustrer med bilete eller filmar.

  • Presenter for kvarandre.

  • Diskuter dei ulike reisemåla klassen har valt. Er det nokon som er spesielt gode eller dårlege? Kva kan gjerast betre? Kvifor er det så viktig?

Fotografi av strandsenger i stabel på strand.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 20.04.2022

Læringsressursar

Reiselivsdestinasjonar