Hopp til innhald
Fagartikkel

Merket for berekraftig reisemål

Norsk næringsliv må tenke berekraft i alle ledd. For reiselivsnæringa inneber det autentiske opplevingar med minimale miljøavtrykk, der lokalbefolkninga sine ønske og behov er godt ivaretekne. I filmen nedanfor (2:45) får vi høyre om Innovasjon Norge sitt merke for berekraftige reisemål.
Video: Innovasjon Norge / CC BY-NC-SA 4.0

Kva er merket for eit berekraftig reisemål?

Merkeordninga er ein konkret reiskap, i regi av Innovasjon Norge, for utvikling av eit berekraftig reiseliv. Ordninga viser at destinasjonen, over tid, prioriterer målet om auka berekraft. Det betyr ikkje at destinasjonen er 100 prosent berekraftig, men at han jobbar systematisk og målretta med forbetringar.

Kvart tredje år er det ei remerking. Då må destinasjonen vise til forbetringar som er gjorde sidan sist. På denne måten bind destinasjonen seg til å kontinuerleg jobbe med berekraftige prinsipp og til å forbetre seg og forholdet sitt til lokalsamfunnet. Merkeordninga har eit heilskapleg perspektiv på utviklinga av reisemål. Dette kan illustrerast som i modellen under:

Dette skriv Visit Norway om merkeordninga:

Merkeordningen er et verktøy for å systematisere arbeidet med bærekraft på en destinasjon. Ved å kartlegge kriterier hva gjelder miljømessig, sosial og økonomisk bærekraft, signaliserer destinasjonene at de er i gang med et langsiktig arbeid for økt bærekraft. Merket for Bærekraftig reisemål er et kvalitetsmerke for reisemål i Norge. Merket bygger på en standard som setter tydelige krav til reisemålets evne til bærekraftig virksomhet og utvikling … Merking forutsetter at reisemålet tar vare på natur, kultur og miljø, styrker sosiale verdier og er økonomisk levedyktig.

Merket for berekraftig reisemål er ein standard med og som må svarast på og dokumenterast.

Her kan du lese kva kriterium og indikatorar som gjeld

Standard for berekraftig reisemål, kriterium og indikatorar, Innovasjon Norge

Høyr kva dagleg leiar i visitRjukan sa i filmen under (1:25) då Rjukanreiselivssjefen blei godkjend av merkeordninga i mai 2021, og kor viktig dette er for den vidare utviklinga av destinasjonen:

Video: Visit Rjukan / CC BY-NC-ND 4.0

Destinasjonane som har blitt merkte som berekraftige reisemål, er i gang med eit langsiktig arbeid for auka berekraft. Dette gjer dei ved å kartlegge kriterium for dei tre dimensjonane av berekraft (miljø, samfunn og økonomi)

  • som kan gi grunnlag for å prioritere, auke bevisstheit og skape samarbeidsplattformer
  • som stiller tydelege krav til reisemålet og måler utviklinga over tid

Avgjerder om framtida må byggast på eit godt grunnlag. Reisemåla må derfor gjennom krevjande prosessar og omfattande kartlegging. I tillegg treng reisemåla kompetanseheving og auka forståing for dei positive og negative sidene ved reiselivet lokalt. Erfaringa viser at arbeidet med merket i stor grad gir ekstra motivasjon for å jobbe vidare med ei meir berekraftig utvikling av reisemålet.

Kva betyr det for ein destinasjon å få merket?

Ei slik formell sertifisering kan vere motiverande for destinasjonane. Merket blir ei form for heider for dei destinasjonane som klarer krava. Godkjende destinasjonar som blir tildelte merket, kan bruke dette i marknadsføringa av destinasjonen.

Omfanget av merkeordninga

I slutten av 2020 er heile 47 destinasjonar og over 100 kommunar med i merkeordninga. Av desse har 16 destinasjonar per 2020 fått merket for berekraftig reisemål.

Destinasjonar merkte som berekraftige reisemål per 2023

  • Bergen

  • Den gyldne omvei

  • Femund Engerdal
  • Geirangerfjorden

  • Gol

  • Hemsedal

  • Kirkenes og Aust-Finnmark

  • Lillehammer
  • Lindesnes og Mandal
  • Lofoten
  • Lyngen
  • Lysefjorden

  • Lærdal

  • Narvik

  • Nasjonalparkriket Reiseliv

  • Nesbyen

  • Norefjell

  • Rjukan

  • Røros
  • Setesdal

  • Suldal

  • Sunnhordland

  • Svalbard

  • Tromsø
  • Trysil
  • Valdres

  • Vesterålen

  • Vinter i Trysil

  • Vinter på Geilo

  • Voss

  • Ål

  • Åndalsnes

Les meir om destinasjonane: Destinasjonar merkte som berekraftige, Innovasjon Norge

Nokre av destinasjonane som i 2020 jobba for å bli merkte som eit berekraftig reisemål, var mellom anna Alta, Arendal, Bodø, Kristiansand, Narvik, Norefjell, Rjukan, Senja og Midt-Troms, Sognefjorden, Sunnhordaland, Svalbard, Valdres, Vesterålen og Voss.

Undersøk

Kva for nokon av destinasjonane som er nemnde ovanfor, har no fått merket for berekraftig destinasjon?

Kvifor har vi merket for berekraftig reisemål?

Reiselivsnæringa må, som andre næringar, rette seg etter FNs berekraftsmål. Merkeordninga systematiserer arbeidet med berekraft på norske destinasjonar. Ifølge Innovasjon Norge er sertifisering av reisemål eit stadig meir aktuelt tema internasjonalt, og den norske merkeordninga er godkjend av Global Sustainable Tourism Council (GSTC). Det betyr at krava i den norske merkeordninga dekker internasjonale krav til sertifisering for destinasjonar.

Remerking

Reisemål som inngår i merkeordninga, jobbar med ein langsiktig forbetringsprosess for heile breidda i "standarden" til merket. Standarden består av over 100 kriterium som reisemålet blir målt på.

For å behalde merket over tid må forbetringar dokumenterast kvart tredje år. Merkeordninga har som føremål å bidra til berekraftige bedrifter, med berekraftige opplevingar og berekraftige løysingar lokalt.

Kjelder

Innovasjon Norge. (2017, 4. juli). Standard for bærekraftig reisemål – indikatorer og kriterier. (Versjon 2.0). Henta frå https://www.innovasjonnorge.no/globalassets/0-innovasjonnorge.no/vare-tjenester/reiseliv/merket-for-barekraftig-reiseliv/standard-for-barekraftig-reiseliv.pdf

Innovasjon Norge. (2016). Håndbok for reisemålsutvikling. Henta frå https://assets.simpleviewcms.com/simpleview/image/upload/v1/clients/norway/in_handbok_final_online_191115_df8f6ecc-f7ff-4309-848d-884196b6f208.pdf