Oppgåve
Turistvettreglar
Korleis kan vi få besøkjande turistar til å oppføre seg omsynsfullt på heimstaden vår?
For å sikre eit berekraftig reiseliv har nokre destinasjonar utvikla eigne "reglar", som er tilgjengelege både på nettet og på turistkontoret. Eitt døme er Lofoten. Her har dei laga Lofotvettreglane. Dette har dei gjort fordi dei ønskjer at turistar skal vise omsyn, slik at opplevinga ikkje ringast for lokalbefolkninga eller for framtidige turistar.
Del 1 i par
- Les om reiseliv på heimstaden dykkar. Kva er det turistar bør ta omsyn til hos dykk?
- Lag eit sett turistvettreglar for heimstaden din, som tek omsyn til det som er unikt hos dykk.
Del 2 i klassen
- Gå gjennom alle forslaga dykkar, og diskuter.
- Bli samde om eit felles utkast.
- Send gjerne utkastet til turistkontoret, og høyr om dette kan vere aktuelt å ta i bruk.