Oppgåve
Av reisande for reisande
Vi deler bilete, forteljingar og opplevingar frå reisene våre. Informasjonen vi deler på nettet, kan skremme bort eller tiltrekkje seg nye reisande. Kor mykje informasjon om ein bestemt norsk destinasjon klarer du å finne?
- Vel ein norsk destinasjon du har lyst til å undersøkje nærare.
- Bruk internett og begynn å søkje. Fokuser på informasjon frå reisande.
- Søk òg på Tripadvisor, Instagram, Facebook og i andre sosiale medium.
- Undersøk minst éi overnattingsbedrift og éin serveringsstad – i tillegg til aktivitetar og attraksjonar på destinasjonen.
- Opprett eit dokument, og lim inn omtalar, bilete frå reisande og bilete frå profesjonelle.
- Lag ei oppsummering ut frå det du finn, og kom fram til ein konklusjon når det gjeld om du vil tilrå andre å reise dit eller ikkje. Grunngi konklusjonen din.
- Diskuter i klassa kor viktig omtalar på nettet er for reisande, kva slike omtalar har å seie for ein destinasjon, og korleis destinasjonen kan bruke dei.
Lykke til!