Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ulike nemningar – same sak?

I dag har vi ganske mange ulike omgrep som vi assosierer med berekraft. Tyder omgrepa det same? Kva skil dei eventuelt frå kvarandre?
Ein grøn jordklode. Tvers over kloden går eit stort, kvitt fotavtrykk med grøne lauv under – ein illustrasjon på det økologiske fotavtrykket vårt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Skriv ned det du assosierer med omgrepa

    • grøn turisme

    • økoturisme

    • geoturisme

  2. Søk deretter på nettet og finn ut korleis omgrepa blir forklarte der. Stemde di oppfatning av omgrepa overeins med forklaringane du fann på nettet? Kva var eventuelt ulikt?

  3. Kva likskapar og ulikskapar ser du mellom omgrepa ovanfor og omgrepet berekraftig reiseliv?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 28.09.2021

Læringsressursar

Organisering av reiselivsnæringa