Hopp til innhald

Fagstoff

Nasjonal organisering av reiselivet

Reiselivsnæringa er samansett av mange aktørar, både offentlege og private. Samarbeidet går på kryss og tvers, og saman skal aktørane dekke behovet for formidling, transport, overnatting, servering og aktivitetar. Korleis blir dette organisert?
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fakta om reiselivsnæringa

Reiselivsnæringa består av små og store bedrifter som sel produkt til turistar og reisande. Det jobbar rundt 170 000 menneske i reiselivsnæringa i Noreg.

Reiselivsnæringa er blant dei største norske eksportnæringane. Utanlandske turistar brukte i 2018 10,2 milliardar kroner i Noreg.[1] Reiselivet stod same året for ei samla i Noreg på heile 85 milliardar kroner.

Transport og servering er dei to største reiselivsbransjane. Veksten er likevel høgast i opplevingsbransjen, som har mangedobla verdiskapinga si det siste tiåret.

Offentlege aktørar er avgjerande for god organisering og utvikling av reiselivsnæringa, og kan delast i tre:

  • staten
  • fylka/regionane
  • kommunane

I tillegg er det nokre aktørar som er viktige:

  • forskings- og utviklingsmiljøa
  • landsdels- og destinasjonsselskapa

Berekraft i reiselivet

Den forventa velstandsauken, befolkningsveksten og teknologiutviklinga gjer at vi forventar framleis vekst i reiselivsnæringa òg. Men veksten kan føre med seg utfordringar med tanke på ønsket om eit berekraftig reiseliv.

Nærings- og fiskeridepartementet skriv i artikkelen Reiselivsnæringen i Norge (2019):

Samtidig kan økningen i antall reisende gi økt belastning på naturressurser, kulturminner og lokalsamfunn. Utfordringer knyttet til sosial og miljømessig bærekraft må håndteres på en god måte, for å bevare et reisemåls attraksjonsverdi og den lokale oppslutningen om reiseliv som næring.

For å sikre eit berekraftig reiseliv har regjeringa som mål å betre koordineringa av den offentlege innsatsen for reiselivet. Dei ønsker å styrke samarbeidet med reiselivsnæringa, også internt.

Statlege aktørar

Det er mange statlege aktørar som er involverte i reiselivsnæringa.

Nærings- og fiskeridepartementet

Nærings- og fiskeridepartementet har det overordna ansvaret for reiselivsnæringa i Noreg. Departementet har ansvaret både for utforminga av politikken og for tiltak retta mot reiselivsnæringa.

Regjeringa ønsker ein strategi som sikrar at norsk reiseliv utviklar seg i ei meir berekraftig retning. I 2020 gav departementet derfor Innovasjon Noreg i oppdrag å utarbeide ein ny reiselivsstrategi. Strategien har fått namnet Nasjonal reiselivsstrategi 2030 – "Sterke inntrykk med små avtrykk".

Meir om reiselivssatsinga på regjeringa.no:

Opplev Norge – unikt og eventyrlig

Opplevingar for ein kvar smak

Noreg som attraktiv kulturdestinasjon

Andre involverte departement

Også andre departement har oppgåver knytte til reiselivet i Noreg. Blant desse finn vi

Landbruks- og matdepartementet
løyver midlar til profilering av Noreg som reisemål og satsinga på Noreg som mat- og reiselivsdestinasjon
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
støttar reiselivet gjennom løyvingar til kommunar, fylkeskommunar og Innovasjon Noreg
Samferdselsdepartementet
legg til rette infrastruktur, til dømes Nasjonale turistvegar
Klima- og miljøverndepartementet
forvaltar natur, kulturminne og kulturmiljø, landskap, arealplanlegging og friluftsliv
Kunnskapsdepartementet
er ansvarleg for opplæring og kunnskapsutvikling innanfor reiselivet
Kulturdepartementet
har nemnt opp eit eige samarbeidsråd for kultur og reiseliv som skal foreslå tiltak som kan bidra til at vi får fleire kulturbaserte reiselivsprodukt som er av betre kvalitet og meir tilgjengelege
Utanriksdepartementet
gir reiseråd og reisetips for utanlandsreiser
Ein statue i stein av ei liggande løve. I bakgrunnen vaiar det norske flagget på toppen av ein murbygning. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innovasjon Norge

Innovasjon Norge er eit statleg selskap som har i oppgåve å bidra til nyskaping i næringslivet, utvikling i distrikta og utvikling av konkurransedyktige norske bedrifter. Innovasjon Norge profilerer norsk næringsliv og Noreg som reisemål.

Dei statlege midlane til reiselivsformål er i all hovudsak samla i Innovasjon Norge. Hittil har rundt halvparten av midlane gått til marknadsføring av Noreg eller norske regionar som reisemål.

Innovasjon Norge sitt arbeid med reiseliv skal i framtida bidra til auka lønsemd, mellom anna gjennom satsing på

  • forbrukarmarknadsføring, med kampanjar retta mot prioriterte marknader
  • marknadsføring på nettet, via Noregs offisielle reiselivsportal, visitnorway.com
  • marknadsanalyse og statistikk, det vil seie innhenting, behandling og publisering av data som verkar inn på reiselivsnæringa
  • utvikling av reisemål, det vil seie rådgiving og støtte i samband med nettverksbygging, kompetanseheving og finansiering


Innovasjon Norge:

Visit Norway Innsikt

visitnorway.no

Den viktigaste nasjonale formidlingskanalen til Innovasjon Norge i marknadsføringa av Noreg som ferieland er visitnorway.no. Portalen skal bidra til å skape reiselyst og inspirere nordmenn til å reise i Noreg. I tillegg skal visitnorway.no gjere det enklare for nordmenn å planlegge og førebu ferien.

Ei gate med fargerik, toetasjes trehusbusetnad. Bygga er kopla saman og dannar ei lang rekke. I bakgrunnen ruvar eit kvitt kyrkjetårn i mur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

NHO Reiseliv

NHO Reiseliv er knytt til Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), som er den største interesseorganisasjonen for bedrifter i Noreg. NHO Reiseliv jobbar for å fremme interessene til norsk reiseliv og er den største arbeidsgivar- og næringsorganisasjonen for reiselivet i Noreg. Dei har over 3 400 medlemsbedrifter og seks regionskontor fordelte over heile landet. NHO Reiseliv jobbar òg for å gi medlemsbedriftene gode arbeidsvilkår.

Norsk reiseliv i tal 2019 - tekstsamandrag av filmen

Norsk reiseliv står for ei verdiskaping på 85 milliardar kroner, der 12 milliardar er frå overnatting, 11 milliardar frå opplevingar og kultur, 3 milliardar frå formidling, 39 milliardar frå transport og 20 milliardar frå servering.

I 2018 var det registrert 34 millionar overnattingar i Noreg. Av desse stod nordmenn for 24 millionar.

Reisande legg igjen 177 milliardar kroner i Noreg, som tilsvarer 485 millionar per dag.

Norsk reiseliv er viktig for sysselsetjinga og bidreg med arbeidsplassar i alle kommunane i landet, med til saman 175 000 tilsette.

Reiseliv er ei viktig ungdoms- og integreringsnæring. I overnatting og servering er 34 % under 24 år, mens talet totalt i alle næringar er 12 %. 43 % av dei som arbeider i overnattings- og serveringsnæringa har utanlandsk bakgrunn, mens gjennomsnittstalet er 16 % for alle næringane.

Den globale turismen kjem til å vekse med 50 % frå 2017 og innan 2030. Med dei rette rammevilkåra vil norsk reiseliv klare å ta sin del av veksten, noko som vil gi Noreg mange fleire arbeidsplassar.



Kjelder


Nærings- og fiskeridepartementet. (2019, 7. november). Reiselivsnæringen i Norge. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/tema/naringsliv/reiseliv/om-reiselivsnaringen/id2677135/


Nærings- og fiskeridepartementet. (2020, 7. januar). Skal lage strategi for reiselivet. Henta frå https://kommunikasjon.ntb.no/pressemelding/skal-lage-strategi-for-reiselivet?publisherId=14943704&releaseId=17877433


Regjeringa. (2007). Organisering. Henta frå https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/nhd/vedlegg/strategier2007/reiselivsstrategi07-kap8-organisering.PDF


Visit Norway Innsikt. (u.å). Hvem er vi? Henta frå https://business.visitnorway.com/no/om-visit-norway


CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 21.08.2023

Læringsressursar

Organisering av reiselivsnæringa