Hopp til innhald
Oppgåve

Organiseringa av reiselivsnæringa

Her skal de jobbe i grupper med oppgåver om organiseringa av reiselivet.

Oppgåve 1

Lokal organisering

Korleis er reiselivet organisert på heimstaden dykkar og i regionen dykkar? Søk opp aktuelle nettsider, og bruk informasjon derfrå.

Oppgåve 2

Kva er NHO Reiseliv? Kva rolle speler dei i samordninga av dagens destinasjonsselskap?

Oppgåve 3

Finn døme på destinasjonsselskap i dykkar eigen landsdel.

Oppgåve 4

Nasjonal organisering

Gjer dykk kjende med dei ulike reiselivsorganisasjonane som styresmaktene samarbeider med. Drøft kva dei har å seie for næringa – spesielt med tanke på eit berekraftig reiseliv.

Oppgåve 5

Kva tyder desse skilta? Sjå informasjon om skilt på lovdata.no.