Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Satsingsområde for Innovasjon Noreg

Innovasjon Noreg har som føremål å profilere norsk næringsliv og Noreg som reisemål. Kva meiner du Innovasjon Noreg bør satse på?
Logon til Innovasjon Noreg. Illustrasjon.

Klassediskusjon

  • Vel ein ordstyrar og diskuter desse påstandane i klassa:
  1. Innovasjon Noreg bør prioritere nasjonale eller internasjonale prosjekt som kan styrkje eit samla berekraftig reiseliv i Noreg.
  2. Innovasjon Noreg bør prioritere å støtte flest mogleg reiselivsaktørar i Noreg for å sikre flest mogleg turistar til Noreg.
  • Drøft konsekvensar for reiselivsnæringa av at Innovasjon Noreg vel å satse i tråd med dei to påstandane.
  • Drøft konkrete tiltak som Innovasjon Noreg kan setje i verk dersom dei skal prioritere først i tråd med påstand 1 og deretter i tråd med påstand 2.
CC BY-SASkrive av Kjell Rosland, Tone Hadler-Olsen og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Organisering av reiselivsnæringa