Hopp til innhald
Fagartikkel

Arendal – eit døme på lokal organisering

Her ser vi nærare på Arendal som eit døme på korleis reiselivsnæringa kan vere organisert lokalt.

Arendal

Arendal er ein kommune sør i Noreg, med mykje aktivitet spesielt om sommaren. Reiselivsnæringa er verdifull for Arendal, for ho bidreg til både sysselsetjing og verdiskaping, mellom anna gjennom store arrangement som Arendalsuka, TedEx og fleire musikkfestivalar. Kommunen si rolle i reisemålsutviklinga er å vere

  • vertskap – gjennom heilårsdrift av turistkontoret og servicesenteret, og gjennom årleg å bli sertifisert av NHO Reiseliv som grønt turistkontor, gjennom å oppdatere den nettbaserte informasjonen om Arendal, gjennom skilting og gjennom oppyntings- og trivselstiltak for lokalbefolkning og turistar
  • rammesetjar – gjennom kommunal planlegging, skjenkereglar og politiske føringar
  • utviklingspartnar – gjennom å stimulere til næringsutvikling og gjennom å opprette og forvalte næringsfond
  • produkteigar – gjennom å leggje til rette gågater, turstiar, badestrender m.m., som òg er komponentar i heilårsproduktet
  • koordinator – gjennom å forvalte heilskapen og mange sektorar som har noko å seie for korleis Arendal utviklar seg som reisemål

Det er næringsavdelinga i Arendal kommune som har ansvaret for utviklinga av reiselivet i byen. Dei har ein samarbeidsavtale med næringsklynga Usus, som driftar Visit Sørlandet.

Usus er på ein måte destinasjonsselskapet for Sørlandet og bruker òg namnet Visit Sørlandet i marknadsføringssamanheng. Det er dei som eig nettplattforma visitsorlandet.com.

Usus

Usus er ei næringsklynge for reiseliv, kultur og opplevingar på Sørlandet og i Telemark. Usus fungerer som eit nettverk for over 130 medlemsbedrifter i Agder og Telemark, og jobbar for å utvikle og synleggjere dei gjennom merkevara Visit Sørlandet. Medlemsbedriftene representerer det heilskaplege reiselivsproduktet og består av små og store aktørar innanfor overnatting, servering, transport, opplevingar og formidling.

Usus samarbeider òg med Innovasjon Noreg og NHO Reiseliv Sør-Noreg.

Slik blir Sørlandet presentert på Visitnorway.com

Her kan du sjå korleis Sørlandet blir presentert hos Visitnorway.com.

Reiselivsstrategi for Arendal

Ønsket er å utvikle Arendal til å bli ein heilårsdestinasjon, både for ferie og fritid og for -marknaden. Kommunen jobbar saman med lokale reiselivsaktørar om å utarbeide ein strategi for å utvikle reiselivet i Arendal, med utgangspunkt i Innovasjon Noreg si Håndbok for reisemålsutvikling. I Arendal fokuserer dei på ein strategi som skal

  • sikre berekraftig utvikling av regionen for alle, både innbyggjarar og besøkjande, med mål om å oppnå status som eit berekraftig reisemål etter malen frå Innovasjon Noreg
  • identifisere og utnytte moglegheiter som ligg i ei brei verdiskaping, og setje felles målsetjingar i regionen
  • vere eit styringsverktøy
  • etablere og forsterke nettverk og kommunikasjonslinjer på tvers av bransjar, både offentlege og private
  • beskrive korleis dei kan samarbeide med andre kommunar, Agder fylkeskommune og Usus, inkludert Visit Sørlandet

Kjelder


Usus (u.å.). Om oss. https://usus.no/om-visitsorlandet/


Arendal kommune (u.å.). Snakk med oss i næringsavdelingen. https://www.arendal.kommune.no/tjenester/naring-bevilling-skatt-og-betaling/naringsliv/snakk-med-oss-i-naringsavdelingen/


Visit Sørlandet / Usus (u.å.). Ferie i Arendal – det beste av byliv og skjærgård. https://www.visitsorlandet.com/arendal/