Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis står det til med reiselivet i fylket ditt?

Gjennomfør ei spørjeundersøking for å kartleggje reiselivet i fylket ditt. Kom deretter med
forslag til ei innovativ og berekraftig destinasjonsutvikling.
Vaksne og barn på ski i vinterlandskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve i tre delar

Oppgåva kan gjerast individuelt eller i grupper på to og to.

  • I denne oppgåva skal du fordjupe deg i korleis reiselivet er organisert i fylket du bur i.
  • Opprett eit dokument til å skrive i. Kall dokumentet for «Reiseliv i [namnet på fylket] 2.0».

Del 1: kartlegging


  1. Søk på nettet og finn ut korleis reiselivet i fylket er organisert på regions-, fylkes- og landsdelsnivå.
  2. Korleis samarbeider dei ulike reiselivsaktørane?
  3. Korleis blir reiselivet marknadsført i fylket?
  4. Kor mange turistkontor er det i fylket?
  5. Korleis jobbar reiselivsnæringa i fylket med reisemålsutvikling og berekraft?
  6. Kor viktig er reiselivsnæringa for fylket?
  7. Kartlegg ringverknadene av reiselivet for andre næringar i fylket.
  8. På kva måte gir reiselivsnæringa positive ringverknader for lokalbefolkninga?


Del 2: spørjeundersøking

Lag ei spørjeundersøking til lokalbefolkninga. Undersøkinga kan gjennomførast digitalt eller fysisk. Her er nokre forslag til spørsmål:

  • Kva er bra med reiselivet i fylket?
  • Kva saknar du av tilbod?
  • Korleis opplever du reiselivet i fylket?
  • Korleis ser du på turistar?
  • Kva tenkjer du om ei berekraftig reisemålsutvikling?

Analyser og bruk svara frå undersøkinga til å seie noko om nosituasjonen i fylket. Korleis bør fylket satse for å bli meir attraktivt for turistar og lokalbefolkning?

Om du var turistsjef, kva ville du ha tilrådd som ei innovativ og berekraftig destinasjonsutvikling for fylket? Ta utgangspunkt i svara frå spørjeundersøkinga.

Tips til informasjonskjelder

Del 3: etterarbeid

  • Opprett eit felles dokument for samskriving i klassa der alle legg inn tilrådinga dei kom med som turistsjefar.
  • Kontakt gjerne reiselivs-/turistsjefen i fylket, og inviter til eit digitalt møte der de legg fram forslaget dykkar til ei innovativ og berekraftig destinasjonsutvikling i fylket.

Lykke til!

Smilande mann ved breidda av ei elv viser stolt fram ein stor laks. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2020

Læringsressursar

Organisering av reiselivsnæringa