Fagartikkel
Visit Greater Oslo – eit døme på regionalt samarbeid
Visit Greater Oslo er eit døme på eit regionalt samarbeid i reiselivsnæringa. Visit Greater Oslo er ein paraplyorganisasjon for dei regionale reiselivseiningane Visit Asker & Bærum, Visit Follo og Visit Romerike.
Visit Greater Oslo er ein medlemsorganisasjon for reiselivsrelaterte næringar i regionen rundt Oslo. Organisasjonen har ca. 150 medlemmer og arbeider med utvikling og marknadsføring av reiselivet.
Visit Greater Oslo er òg ein paraplyorganisasjon for regionsselskapa
- Visit Asker & Bærum
- Visit Follo
- Visit Romerike
Visit Greater Oslo samarbeider tett både med fleire kommunar og med fylkeskommunen, og jobbar for ei berekraftig utvikling av reiselivet i regionen. Fordelen med samarbeidet omtaler dei sjølve på nettsida si:
Samarbeidet med det offentlig bidrar til økt synlighet for den enkelte kommune, bidrar til at reiselivsaktørene i området får tilbud om kompetansehevende tiltak som styrker bedriftens næringsgrunnlag samt at vi kan tilby fagkompetanse ved reiselivsrelaterte spørsmål.