Hopp til innhald

Fagstoff

Kva meiner vi med berekraftig reiseliv?

Når du er ute og reiser, tenkjer du nokon gong på kva spor du legg igjen? Ønskjer du at dei neste generasjonane skal få oppleve det same som deg? Kva er eigentleg eit berekraftig reiseliv?
Silhuett av person som ser på nordlys. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit gammalt ordtak av ukjent opphav seier noko om prinsippet om berekraftig reiseliv: "Ta ikkje anna enn bilete, legg ikkje igjen anna enn fotavtrykk, drep ikkje anna enn tid".

Destinasjon Røros har definert berekraftig reiseliv som "Med bærekraftig reiseliv arbeider man for at turisme skal ha lav innvirkning på miljø og lokal kultur, med mål om å sikre en positiv innvirkning og utvikling for lokal befolkning, reiselivsbedrifter og turister".

Tema som lokal økonomi og verdiskaping, natur, miljø- og klimapåverknad og samspell mellom lokalsamfunn og reiseliv er sentrale i forståinga av eit berekraftig reiseliv. Eit berekraftig reiseliv er eit reiseliv som ikkje øydelegg for kommande generasjonar, og som tek omsyn til naturen, kulturen og økonomien i lokalsamfunnet. Vi kan seie at det har tre pilarar: økologi, økonomi og sosiale forhold. Dette samspelet kan illustrerast med prosessen sett i ein "traktmodell", som vist i biletet under.

Visualisering av at både økologisk berekraft, sosial berekraft og økonomisk berekraft må vere på plass for at reiselivet skal bli berekraftig. Illustrasjon.

Berekraftig norsk reiseliv

Frå 2016 til 2018 auka verdiskapinga i norsk reiseliv med nesten 10 milliardar kroner, og stod for ei samla verdiskaping på 85 milliardar kroner. Reiseliv er den næringa i verda som veks fortast, derfor er det viktig med reguleringar og strategiar for å sikre at veksten blir berekraftig.

Noreg ønskjer å ta ein leiarposisjon i utviklinga av eit berekraftig reiseliv. I regjeringa sin strategi for utvikling av Noreg er berekraftige reisemål ein føresetnad for reiselivsnæringa.

Verdas turismeorganisasjon, UNWTO (United Nations World Tourism Organisation) har definert berekraftig reiseliv med fokus på tre hovudområde:

  • Bevaring av natur, kultur og miljø
  • Styrking av sosiale verdiar
  • Økonomisk levedyktigheit

Dei tre hovudmåla inneheld ti delmål, som til saman skal sikre ei berekraftig utvikling innan reiselivet. Destinasjon Røros har omsett dei til norsk:



Relatert innhald

Kjelder

UNWTO (u.å). Sustainable Development. Henta 02. mars 2020 frå https://www.unwto.org/sustainable-development

NHO Reiseliv tall og fakta (u.å.). Verdiskaping. Henta 02. mars 2020 frå https://www.nhoreiseliv.no/tall-og-fakta/

NHO Reiseliv (2017). Mot et bærekraftig reiseliv. Veikart fra reiselivsnæringen i Norge. Henta 02. mars 2020 frå https://assets.simpleviewcms.com/simpleview/image/upload/v1/clients/norway/veikart_reiseliv_4korr_59468bf8-244f-447e-9709-8ce8ed8de49d.pdf

Destinasjon Røros. (u.å). Hva er et bærekraftig reiseliv? Henta 02. mars 2020 frå https://www.roros.no/hva-er-baerekraftig-reiseliv/

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 18.01.2019

Læringsressursar

Er det mogleg å reise berekraftig?