Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag din eigen reisekalkulator

Lag ein reisekalkulator som samanliknar ulike reisemål med tanke på klimagassutslepp, reisetid og andre faktorar.
Gut og jente sit i ei stue med pc og mobil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om oppgåva

De skal lage ein reisekalkulator som skal hjelpe reisande med å avgjere kvar dei skal reise og korleis dei skal komme seg til reisemålet.

Først skal de avgjere kva for kriterium som betyr noko for dykk når de skal ut og reise. Deretter skal de lage sjølve kalkulatoren i eit rekneark.

Oppgåve

Del 1: Diskuter kva som er viktigast

  1. Kva for kriterium meiner de skal vere med i ein slik kalkulator? Diskuter og lag ei oversikt.
  2. Prioriter kriteria og vekt dei mot kvarandre. Ta utgangspunkt i 100 % og fordel dette ut på dei ulike kriteria. De kan til dømes gjere slik:

Prioritet

Kriterium

vekting

1

Reisetid

50 %

2

Klimagassutslepp (reise + hotell)

40 %

3

Sykkelvennleg

10 %

Totalt

100%

Del 2: Lag reisekalkulatoren

  1. Lag eit dynamisk rekneark som bereknar ein total skår for eit gitt reisemål.
  2. Brukaren skal taste inn verdiar for ulike kriterium, som klimagassutslepp og reisetid. Reknearket skal gjere om dei verdiane som blir tasta inn, til ein karakter.
  3. Totalskåren skal reknast ut på grunnlag av dei enkelte karakterane. Karakterane skal de gi ei vekt etter kor viktig de synest kriteriet skal vere. Bruk kriterium og vekting frå oppgåve 1.

    Tips! Viss de synest det er vanskeleg å få oversikt, så kan det vere lurt å berre bruke 2–3 kriterium. De kan leggje til fleire i etterkant viss de ønsker det.

  4. Den totale karakteren for reisemålet skal komme opp når ein er ferdig med å skrive inn verdiar.
  5. Det skal vere mogleg å legge inn verdiar for fleire reisealternativ.
  6. Legg vekt på design og brukarvennlegheit. Det kan vere lurt å teste ut reknearket på nokon andre.

De kan til dømes setje det opp slik:

Klimagassutslepp

Karakter

> 2000 kg CO2e

1

500 - 2000 kg CO2e

2

200 - 500 kg CO2e

3

50 - 200 kg CO2e

4

< 50 kg CO2e

5

Skalaen som blir brukt i klimatsmartsemester.se kan vere fin å ta utgangspunkt i når de jobbar med kalkulatoren.

HVIS-funksjonen i rekneark

For å løyse denne oppgåva får du kanskje bruk for HVIS-funksjonen i reknearket.

Ein HVIS-funksjon samanliknar innhaldet i ei celle med ein angitt verdi, og returnerer éin verdi viss svaret er sant, og ein annan verdi viss svaret er usant.

Døme 1:

Kva blir resultatet i celle A2 i reknearket under?

Utsnitt av regneark med formel. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Løysingsforslag

Viss verdien i A1 er større enn 1000, så blir funksjonen "JA" returnert til celle A2. I dette tilfellet er verdien i A1 500. Sidan 500 ikkje er større enn 1000, blir verdien "NEI" returnert til celle A2.

Døme 2:

Formelen under kan bli nyttig i reisekalkulatoren din. Prøv å forklare kva han gjer.

Utsnitt av regneark med formel. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Løysingsforslag

Denne funksjonen samanliknar først verdien i celle A1 med 2000. Viss det er sant at verdien i A1 er større enn 5000, blir "5" returnert. Viss dette ikkje er sant, vil funksjonen sjekke om A1 er større enn 500.

Viss dette er sant, blir "4"returnert, og viss ikkje, sjekkar funksjonen ein ny verdi. Til slutt sjekkar funksjonen om A1 er større enn 50. Viss det er sant, blir "2" returnert, viss ikkje blir "1" returnert.

På denne måten kan vi bruke ein funksjon til å omgjere ein verdi som blir tasta inn til ein førhandsdefinert verdi, slik som i tabellen med klimagassutslepp.

Forslag til ressursar

Etter å ha laga kalkulatoren

  • Var det nokre kriterium som var vanskelege å bedømme?
  • Kva skal ein gjere med kriterium som ikkje er mogleg å talfeste?
  • Test ut kalkulatoren på nokon andre og få innspel på brukarvennlegheit og design.
  • Diskuter svakheiter ved kalkulatoren og foreslå moglege forbetringar.

Vidare arbeid

Lag eit program som bereknar total skår for reisemålet, basert på inndata som brukar legg inn.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2020

Læringsressursar

Er det mogleg å reise berekraftig?