Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bør du ha flyskam?

Dei fleste av oss elskar å reise. Skal vi langt, tek vi gjerne fly – fly for å sole oss, fly for å oppdage nye kulturar, fly for å shoppe og fly for å besøkje vener og familie. Men bør vi eigentleg skamme oss og tenkje meir på klima? Gjer deg opp ei meining, diskuter og skriv eit debattinnlegg.

Oppgåve

I denne oppgåva skal du først utforske både dine eigne og klassen sine haldningar til det å fly.. Deretter skal du finne kunnskap om flyreiser og klimagassutslepp. Noter stikkord i kvar del av oppgåva. Denne kunnskapen treng du nemleg når du heilt til sist skal skrive om emnet.

Del 1

  1. "Det bør bli dyrare å fly." Kva meiner du om denne påstanden? Grunngi svaret ditt.
  2. Spør sidemannen kva hen meiner. Lytt utan å argumentere mot eller med.
  3. Sjå på debattprogrammet "Einig" frå 09:10. Her diskuterer deltakarane om det bør bli dyrare å fly for å få oss til å fly mindre. Kven av debattdeltakarane er du mest einig med?

Del 2. Fly og klimagassutslepp

Finn ut korleis det å fly påverkar klimaet. Noter ned det du finn ut. Hugs å ta vare på lenkja der du har teke informasjonen frå, slik at du kan vise til kjelda i teksten du skal skrive til slutt.

Tips! Du kan kommentere truverdet til kjelda når du skal argumentere for eller imot flyskam. Gjer du det godt, kan det styrke ditt eige truverd. Kven står bak informasjonen? Er avsendaren påliteleg, argumenta saklege, og kan du etterprøve påstandane?

Del 3. Kor mykje flyr vi menneske eigentleg?

Undersøk statistikk og andre kjelder som kan gi svar på dette:

  1. Kor stor del av befolkninga på jorda er det eigentleg som flyr?
  2. Kven er det som flyr mest?

Kva seier svaret de finn ut om korleis ressursane er fordelte i verda? Endrar informasjonen du finn meininga di om vi bør føle flyskam?

Del 4. Diskuter flyskam

Diskuter desse påstandane i grupper:

  • Eg flyr heilt utan dårleg samvit.
  • Eg synest folk som flyr til Syden for å sole seg, burde skamme seg.

Del 5. Skriv ei drøfting eller eit lesarinnlegg

No kan du velje mellom ei av oppgåvene. Nedst på sida finn du tips til korleis du kan løyse oppgåva.

  1. Drøft problemstillinga "Bør vi ha flyskam?"
  2. Skriv eit lesarinnlegg der du argumenterer for at vi må slutte å fly for å redde klimaet.
  3. Skriv eit lesarinnlegg der du argumenterer mot at vi må slutte å fly for å redde klimaet.

Tips til drøfting

  1. Start med å lese deg opp på saka. Du kan finne gode ressursar på eiga hand, eller trykkje på knappen "ressursar" i argumentskjemaet under. Her finn du tre lenkjer til kjelder som kan gi deg argument både for og mot flyging.
  2. Diskuter med medelevar. Kan du få tips og inspirasjon av dei? Dette gjeld særleg om dei har eit anna syn på saka enn deg.
  3. Skriv!

Tips til lesarinnlegg

  1. Skriv ned ei setning først, der det kjem klart fram kva som er målet ditt med dette lesarinnlegget. Det kan hjelpe deg til å halde deg til den raude tråden i innlegget: "Målet mitt med dette lesarinnlegget er å ..."
  2. Skriv ned det du meiner er dei viktigaste argumenta i eit tankekart rundt eller under setninga. Pass på at argumenta faktisk støttar opp om akkurat det som er målet med lesarinnlegget.
  3. Eit godt triks for å overtyde er å tale både til hjartet og hovudet. Altså bør du kombinere fornuftsargument med argument som speler på kjensler. Til dømes bør du skrive ned nokre kjelder du vil bruke i lesarinnlegget ditt. Dersom du viser til tal og fakta, vil du ha meir truverd enn om du berre skriv "Vi må slutte å fly for å redde planeten."

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2020

Læringsressursar

Er det mogleg å reise berekraftig?