Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Ytringsfridom som etisk dilemma

Eit etisk dilemma er ein situasjon der ulike verdiar står i konflikt med kvarandre. I desse oppgåvene skal du vurdere i kva grad retten til å ytre seg fritt òg skal gjelde for ekstremistar.
En ring av personar i kvite, heildekkjande drakter samla rundt ein brennande kross. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1: Religionskritikk eller hatefulle ytringar?

Tenk deg at ein irakar, busett i Noreg, seier følgjande i ein appell som blir halden i samband med ein demonstrasjon framfor Oslo domkyrkje:

Kristne drep kvarandre som fluger, og det er Jesus si skuld. Dei som kallar seg gode kristne, dei er disponerte for og villige til å utføre vald i alle former, valdtekt, drap og folkemord.

Diskuter med ein medelev: Er dette akseptabel religionskritikk, eller ei hatefull ytring?

Les vidare: Kven sa eigentleg dette?

Den ytringa de har diskutert er ei omskriving av appellar som SIAN-leiar Lars Thorsen har halde i Oslo, Drammen og Kristiansand i tidsrommet 2019–2021. Her seier han mellom anna:

(...) muslimer dreper hverandre som fluer, og det er Mohammeds skyld (...)

De som Muhammed kaller gode muslimer, dem er disponert for, og villige til å utføre (...) vold i alle former, voldtekt, drap og folkemord (...)

Thorsen har òg omtalt muslimar som "seksualpredatorer" og "morderzombier". Han har hevda at muslimar er ein trussel mot tryggleiken i riket og at dei "må deporteres eller interneres på livstid".

Kva tenkjer de når de no er kjende med den samanhengen desse ytringane vart sagt i?

Er dette akseptabel religionskritikk eller hatefulle ytringar?

Oppgåve 2: Ytringsfridom som etisk dilemma

Eit etisk dilemma er ein situasjon der ulike verdiar står i konflikt med kvarandre. Eit døme på ein slik konflikt er i kva grad det er etisk rett å ytre seg religionskritisk på ein måte som gjer at mange menneske blir såra og provoserte.

Utgangspunktet for denne oppgåva er debatten som oppstod etter organisasjonen Stopp islamiseringen av Norge (SIAN) sine markeringar i Kristiansand, Drammen, Porsgrunn og Oslo i 2019–2021.

Søk etter informasjon i ulike nettaviser, finn ut kva som hende, og sett deg inn i debatten om ytringsfridom som oppstod i ettertid.

Oppgåve 3: Skal ytringsfridommen omfatte alle?

Norsk lov går langt i å sikre ytterleggåande grupper ytringsfridom. Til samanlikning har Finland valt å forby nynazistiske organisasjonar. Bruk av nazisymbol er forbodne ved lov i Tyskland.

Tre menn med hettegenserar som har påskrifta "Nordic Resistance Movement" står breibeinte på eit torg med ryggen til. Dei held oppe to flagg med logoen til organisasjonen. I bakgrunnen står ei stor menneskemengde med plakatar og prideflagg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Då 70 medlemmer av den nynazistiske organisasjonen Den nordiske motstandsbevegelsen marsjerte gjennom gågata i Kristiansand sommaren 2017, valde politiet å ikkje gripe inn. Dei viste til føresegna om ytringsfridom i Grunnlova.

Organisasjonen vart heller ikkje dømd for hatefulle ytringar då dei i 2018 heiste naziflagg og hengde opp eit banner med teksten "Vi er tilbake" framfor bygningen Arkivet i Kristiansand. Arkivet vart nytta til tortur av dei som kjempa mot nazistane i Noreg under 2. verdskrig, og er i dag ein minnestad og eit fredssenter.

NRK har laga eit samlearkiv for medieoppslag om verksemda til denne organisasjonen:

NRK: Den nordiske motstandsbevegelsen

A) Jobb gruppevis

Del klassen i seks grupper. Kvar gruppe set seg inn i ei av desse ytringane:

Éin frå kvar gruppe referer kort for resten av klassen dei synspunkta som kjem fram i ytringa gruppa har studert.

B) Diskuter i samla klasse

  • Bør ytringsfridommen òg omfatte ytterleggåande rørsler som sver ein til rasistisk og valdeleg ideologi?

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 16.11.2021

Læringsressursar

Ytringsfridom og ytringsansvar