Ytringsansvar som juridisk og moralsk forplikting
Ytringsfridom er ifølgje § 100 i Grunnlova ein juridisk rett alle norske statsborgarar har. Ytringar er ikkje berre verbale uttrykk i skriftleg eller munnleg form, dei kan òg vere visuelle, filmatiske eller teatralske.
Retten til å ytre seg fritt skal sikre at alle kjem til orde med stemma si i den offentlege samtalen. Ytringsfridom er derfor grunnpilaren i demokratiet. Men med ytringsfridommen følgjer òg eit ytringsansvar for å ytre seg på ein måte som ikkje skadar eller krenkjer andre.
Ord er handling
Det hender kanskje at du slengjer med leppa på ein måte som gjer at andre kjenner seg forulempa. Då er det lett å forsvare seg med at "det var jo berre noko eg sa".
Men så enkelt er det ikkje. Ord styrer måten vi tenkjer på, korleis vi definerer andre menneske og tolkar røyndommen. Spesielt farleg er det å bruke ord som stigmatiserer eller demoniserer ei befolkningsgruppe eller ein nasjon.
Sjølv om ord isolert sett ikkje kan drepe, er dei eit kraftige våpen. Dei skaper eit handlingsrom for dei som ønskjer å skade andre menneske fysisk og mentalt. Hugs at det du ytrar, kan bli handlinga til andre!
I Ver varsam-plakaten er dette formulert slik: "Ord og bilete er mektige våpen. Misbruk dei ikkje!"
Stigmatiserande ord
Døme på stigmatiserande ord er "jødesvin", "snikislamisering" og "aksen til vondskapen".
Skriv inn desse tre orda i ein søkjemotor. I kva samanhengar vart orda brukte? Kva vart resultatet?
Artikkelen 10 i den europeiske menneskerettserklæringa har to underpunkt. I det første blir det slått fast at "alle har rett til ytringsfridom". Det andre punktet handlar om at denne fridommen fører med seg plikter og ansvar, og må balanserast opp mot andre omsyn.
Ytringsansvaret kan nedfellast i lover og reglar som innskrenkar ytringsfridommen av omsyn til offentleg tryggleik, helse, moral, personvern eller tryggleiken til riket. Ifølgje norsk lov er det til dømes forbode
å krenkje personvernet til andre
å oppmode til vald
å kome med hatefulle ytringar
å røpe statsløyndommar
Men ytringsansvar er òg ei demokratisk og moralsk forplikting. Vi har alle ansvar for
å påpeike klanderverdige forhold
å sørgje for at også stemmene til dei svake blir høyrde
å oppføre oss anstendig mot andre når vi ytrar oss
å unngå å stigmatisere sårbare grupper
Samfunnskritiske ytringar
Som samfunnsborgarar har vi eit moralsk ansvar for å ytre oss kritisk når vi er vitne til at makteliten misbruker makt eller oppfører seg klanderverdig. I Ver varsam-plakaten står det at journalistar har eit spesielt ytringsansvar:
1.4 Pressa har rett til å informere om det som skjer i samfunnet, og avdekkje kritikkverdige forhold. Pressa har plikt på seg til å setje eit kritisk søkjelys på korleis media sjølve fyller si samfunnsrolle.
1.5. Pressa har til oppgåve å verne enkeltmenneske og grupper mot overgrep eller forsømming frå offentlege styresmakter og institusjonar, private føretak eller andre.
Politikarar, byråkratar og andre maktpersonar må òg finne seg i å bli møtt med kritiske ytringar frå vanlege borgarar, til dømes i kommentarfeltet til nettavisene, i sosiale medium eller i form av satire og kunstnariske uttrykk.
Ytringsansvar i Ways of Seeing
Teaterframsyninga Ways of Seeing skapte i 2019 ein interessant debatt om kva ytringsansvar eigentleg inneber.
Stykket ønskjer å vise kor ulike livsvilkåra er for menneske som tilhøyrer ulike samfunnsklassar i Noreg, og korleis dette pregar perspektivet til dei privilegerte, som mellom anna legg premissane for norsk innvandringspolitikk og bestemmer kven som skal overvakast. Dette vart visualisert i teaterstykket ved å vise "overvakingsbilete" av heimen til nokre sentrale politikarar, blant dei justisminister Tor Mikkel Wara.
Dåverande statsminister Erna Solberg kritiserte teaterstykket for manglande ytringsansvar. Ho meinte framsyninga bidrog til å gjere det vanskelegare å vere politikar.
Andre røyster hevda at teaterstykket nettopp viste ytringsansvar ved å heve stemma på vegner av offer for den politikken regjeringa førte.
Kva meiner du?
Religionskritikk og ytringsansvar
Religionskritikk er ein naturleg del av samfunnskritikken, sidan religiøse institusjonar og leiarar har stor makt over folks liv og tenkjemåte. Men religionskritiske ytringar kan ofte opplevast som provoserande av menneske med sterk religiøs tilhøyrsel. Mange land har lover som forbyr blasfemi (spott mot Gud). I Noreg vart blasfemilova oppheva i 2015.
Nokre vil hevde at både media og vanlege borgarar har ansvar for å ytre seg religionskritisk, sidan det er tillate innanfor den ramma som ytringsfridommen set i Noreg. Andre set spørsmålsteikn ved om vi nødvendigvis treng å trakke på den religiøse overtydinga til andre. Det går òg an å vise ytringsansvar gjennom å formidle kunnskap om og skape forståing for ulike religiøse framsyningar og ritual.
Viser SIAN ytringsansvar?
Finn ut kva organisasjonen SIAN står for, og korleis dei aksjonerer.
Diskuter deretter med ein klassekompis i kva grad SIAN viser ytringsansvar.
Støytande ytringar
Støytande ytringar er ytringar som gjer at nokon kjenner seg krenkte, anten som individ eller som medlemmer av ei gruppe, eller ytringar som kan opplevast som upassande eller umoralske. Det er ikkje ulovleg å fremje kontroversielle, sjokkerande eller støytande ytringar. Slike ytringar er verna av ytringsfridommen. Men sjølv om det ikkje er ulovleg, er det ikkje alltid naudsynt å ytre seg på ein måte som krenkjer andre. I slike tilfelle må vi gjennomføre ei etisk vurdering før vi ytrar oss:
Kvifor er det viktig å setje fram denne ytringa? Er det eit viktig innlegg i samfunnsdebatten, eller er det berre noko du gjer for å lufte eigne frustrasjonar?
Kven blir ramma av denne ytringa? Er det maktpersonar eller sårbare individ?
Kva for nokre negative konsekvensar vil ytringane kunne få for andre?
Kven har ansvaret for at nokon kjenner seg krenkte?
Men kven skal definere kva som er ei støytande ytring? Er det intensjonen til avsendaren som er avgjerande? Eller er det opplevinga som mottakaren av ytringa har, som skal setje grenser?
Krenking er ei subjektiv oppleving som kan variere frå person til person. I behandlinga av ei sak om krenkjande ytringar i 2007 la Høgsterett til grunn at det må vere "alminnelege avislesarar si oppfatning" som avgjer kva som er det faktiske meiningsinnhaldet i ei utsegn.
Nokre hevdar likevel at det er ei moralsk plikt å ta omsyn til at andre kan kjenne seg støytt av ytringane dine. Andre hevdar at terskelen for å kjenne seg krenkt har vorte for låg her i landet, og at det er med på å kneble viktige delar av samfunnsdebatten.
Hvis alle ytringer noen hevder seg støtt av skulle forbys, risikerer vi at alle ytringer noen er uenig i blir forbudt. Da har vi ingen ytringsfrihet. (Kjell-Magne Rysstad, 2018)
Ytringar og identitet
Er det ok å kle seg ut med urfolkskostyme?
Er det ok at barn lærer songar om hottentottar og negerkongar?
Skal vi omtale ein person med pronomenet han, ho eller hen?
Er det ok å behalde historiske statuar av personar som i si tid deltok i overgrep mot urbefolkningar?
Slike problemstillingar høyrer heime i debatten om identitetspolitikk. Identitetspolitikk handlar om dei førestillingane vi har om oss sjølve og andre. Vi er sårbare for ytringar som handlar om etnisitet, kultur, religion og kjønn, fordi dei kjem nær dei viktigaste normene og verdiane våre. Då er det lett å føle at ytringane til andre krenkjer din verdi som menneske.
Minoritetsgrupper er spesielt vare for ytringar som kan opplevast som krenkjande for deira personlege integritet, sjølvforståing og røyndomsforståing. Dei har gjerne opplevd å bli krenkte mange gonger før for nettopp å vere den dei er. Å avsløre og motarbeide krenkjande ytringar er derfor viktige kampsaker for aksjonsgrupper som representerer ulike minoritetar.
Nokre viktige omgrep
ytringsansvar
samfunnskritiske ytringar
støytande ytringar
hatefulle ytringar
ulovlege ytringar
identitetspolitikk