Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein nyheitsartikkel om ungdom og ytringsfridom

Studer ein rapport om ungdom og ytringsfridom, og bruk han som ein av fleire kjelder i ein nyheitsartikkel om kvifor mange unge ikkje deltek i den offentlege samtalen.
Ung gut les avis på kafé. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsoppdrag

Du skal lage ein nyheitsartikkel til lokalavisa eller regionsavisa på heimstaden din. Nyheitsartikkelen skal illustrerast med to eller tre stillbilete med god kvalitet.

Nyheitsartikkelen skal ha ein engasjerande tittel og ein ingress som vekkjer interesse. Hugs òg å bruke dekkjande mellomtitlar, og at stillbileta skal ha informerande bilettekstar.

Kjelder

I dette oppdraget skal du bruke tre kjelder:

Éi skriftleg kjelde, nemleg ein rapport frå ytringsfridomsrådet til ungdommen som har tittelen: Korleis står det til med ytringsfridommen til ungdom og unge vaksne i Noreg? (frittord.no)

Og to munnlege kjelder:

  • ein ungdom som deltek aktivt i ein politisk organisasjon

  • ein ungdom som ikkje deltek i organisert verksemd

Problemstilling og vinkling

Nyheitsartikkelen skal klargjere følgjande problemstilling:

Kvifor vegrar mange unge seg for å delta i den offentlege samtalen i lokalmiljøet vårt?

Du vel sjølv korleis du vil saka, men det kan vere ein fordel å knyte han til ein pågåande debatt som engasjerer mange.

Etterarbeid

Reflekter over korleis du løyste oppdraget, og kva du lærte om ungdom og ytringsfridom mens du jobba med nyheitsartikkelen.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2021

Læringsressursar

Ytringsfridom og ytringsansvar