Hopp til innhald

Fagstoff

Ytringsfridom – rettar og avgrensingar

I Noreg er ytringsfridom er ein grunnlovfesta menneskerett. Ytringsfridom inneber at vi fritt kan dele tankane våre med andre og delta i samfunnsdebatten. Men ytringsfridommen er ikkje absolutt. Det finst rettslege unntak. Og du er sjølv ansvarleg for korleis du ytrar deg.

Kva er ytringsfridom?

Ytringsfridom er den fridommen alle menneske har til å gi uttrykk for det dei meiner og ønskjer å seie noko om. Sidan slutten av 1700-talet har ytringsfridommen blitt rekna som ein menneskerett, og han har eit sterkt vern i både nasjonale og overnasjonale lovverk.

Ytringsfridommen omfattar fridommen til å formidle idear i ytring eller handling og til å velje å ytre seg eller la vere. Dette gjeld òg fridommen til å ta imot ytringane til andre. Det siste blir ofte kalla .

Ein viss ytringsfridom er naudsynt for at menneske skal kunne leve saman, og ligg til grunn for mellommenneskeleg kommunikasjon og samhandling.

Filosofisk bakgrunn

Idéhistorisk kan ytringsfridommen sporast tilbake til antikken. Men det er opplysingstida og fokuset på individet si betydning i samfunnet som er det sentrale grunnlaget for vår forståing av denne fridommen.

Menn og kvinner i 1700-tallsklede med løpesetlar og aviser i hendene. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kontrakt mellom enkeltmenneske og statsmakta

Opplysningsfilosofane Thomas Hobbes, John Locke og Jean-Jacques Rousseau var opptekne av forholdet mellom enkeltmenneske og statsmakta og av at menneske prøver å finne felles løysingar. Ifølgje dei var danninga av statsmakter basert på ein samfunnskontrakt som går ut på at enkeltmenneske gir frå seg fridom til ei felles statsmakt for å oppnå ordna og meir føreseielege samfunn.

Filosofane hadde ulike syn på samfunnskontrakten, men alle hadde enkeltmennesket som utgangspunkt: Med direkte eller indirekte tilslutning frå frie individ kunne ein grunngi legitime statsdanningar. Slik fri tilslutning føreset ytringsfridom.

Individuelt sjølvstende og meiningsmangfald

For den tyske filosofen Immanuel Kant var den rasjonelle dømmekrafta til enkeltmennesket grunnlaget for individuell autonomi (sjølvstende) og dessutan for den offentlege kritikken som må kunne rettast mot alt i samfunnet. Begge delar føreset informasjons- og ytringsfridom.

Den britiske filosofen John Stuart Mill var oppteken av ytringsfridommen si betydning for å finne sanning: Fordi mennesket er feilbarleg, kan det ta feil – og jo fleire oppfatningar om eit spørsmål ein fritt kan setje fram, jo større er sjansen for å finne feilkjeldene. Berre ytringar som direkte kan føre til skade for andre menneske, burde etter Mills syn forbydast.

Kvifor er ytringsfridom viktig?

Tankegodset frå opplysingstida dannar grunnlaget for tre av omsyna som ligg bak det rettslege vernet av ytringsfridommen:

  • Ytringsfridom er naudsynt for mennesket si søking etter sanning – berre gjennom fri meiningsutveksling kan vi kome nærare sanninga.

  • Ytringsfridom ligg som grunnlag for vår personlege autonomi og fridom – vi har fridom til å dele tankane våre og ta imot andre sine, og i kraft av denne fridommen utviklar vi oss som menneske.

  • Ytringsfridom er ein føresetnad for demokrati – utan frie ytringar får vi ingen fri informasjon, inga fri meiningsdanning og ikkje noko reelt grunnlag for demokrati.

Både uvesentlege og vesentlege ytringar har rettsleg vern, men det er ytringar som kan ha ei viss offentleg interesse, som har sterkast vern.

Det rettslege vernet av ytringsfridommen har først og fremst vore ein garanti for at statar verken formelt eller reelt skal avgrense eller gripe inn i ytringsfridommen til individ. Slik har ytringsfridommen vore ein negativ rett – ein individuell rett til at staten ikkje skal gripe inn.

Staten si oppgåve er å sikre ytringsfridom

Rettsleg ytringsfridom krev òg at statar gjer ein innsats for å sikre ytringsfridommen. Statar må til dømes ha lover som forbyr truslar om vald mot dei som bruker ytringsfridommen sin, og eit rettsapparat som kan handheve brot på ytringsfridommen.

At det faktisk er mogleg å praktisere ytringsfridom i samfunnet, er sentralt. Det inneber at det må finnast kanalar der ein kan ytre seg (som aviser og debattforum på internett), og at ein har eit klima der folk kan delta fritt. Staten må òg sikre retten til å demonstrere og framføre ytringar offentleg.

Ein middelaldrande mann med mikrofon og ein eldre mann med norsk flagg står bak ei politisperring. Framfor står det fleire politifolk med hjelmar og skjold. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein grunnlovfesta menneskerett

Ytringsfridommen er rettsleg verna i ei rekkje internasjonale menneskerettsinstrument og i mange land sine grunnlover. I Noreg er ytringsfridommen beskytta av paragraf 100 i Grunnlova. Noreg har òg ratifisert fleire traktatar som omhandlar ytringsfridom. Den praktisk viktigaste er Den europeiske menneskerettskonvensjonen, EMK.

Ifølgje både Grunnlova og EMK må inngrep i ytringsfridommen ha heimel i lov. Dei må òg vere naudsynte for å vareta andre presserande samfunnsbehov, og dei må vere proporsjonale. Det inneber at dei ikkje må gå meir ut over sanningssøking, demokrati og individet si frie meiningsdanning enn det som trengst for å vareta andre presserande samfunnsbehov.

Avgrensingar i ytringsfridommen

Ytringsfridommen er ikkje absolutt. Det finst fleire lovfesta avgrensingar i ytringsfridommen, mellom anna forbod mot å setje fram truslar, ærekrenkingar, privatlivskrenkingar, trakassering og grovt pornografiske, diskriminerande og hatefulle utsegner.

Sensur – det å stanse ei ytring før ho blir sett fram – er derimot som hovudregel ikkje tillate. Unntaket er viss det er naudsynt for å beskytte barn og unge mot skadeleg påverknad frå levande bilete.

I praksis har oppfatningar om kva som er rett å seie, vel så stor betydning for den faktiske ytringsfridommen som rettslege avgrensingar. Truleg held frykt for latterleggjering, marginalisering eller utfrysing tilbake langt fleire ytringar enn frykt for straff.

Lojalitetsplikta i arbeidsforhold vil innebere retningslinjer for kva ytringar som kan fremjast og når. Men opplysningar som er viktige for offentlegheita, og varsling om misferd på arbeidsplassen, er verna av ytringsfridommen også i arbeidsforhold.

Den 29. mai 2015 blei straffeføresegna mot blasfemi i Noreg (paragraf 142 av straffelova av 1902) oppheva. Ein av grunnane til dette er at religion verken kan eller bør vernast mot krenkingar – det kan berre individ og grupper. Ein annan er at blasfemiske ytringar kan målbere viktig samfunnskritikk, og derfor bør dei vernast av ytringsfridommen. Muhammed-karikaturane er eit døme på dette.

Oppmodingar til vald og lovbrot er ikkje verna av ytringsfridommen. Kva som er nok til å reknast som oppmodingar og truslar, kan vere vanskeleg å fastslå. Døme på dette er debatten om Breivik sitt manifest og dommen mot mulla Krekar.

Korleis vurdere meiningsinnhaldet i ei ytring?

Utsegn skal ein tolke ved hjelp av språknormer for å kome fram til den meininga dei ifølgje vanleg språkforståing har. "Drep han, ikkje vent til eg kjem" kan til dømes reknast som ein trussel, mens "Drep han ikkje, vent til eg kjem" ikkje kan det.

Ikkje alle utsegner er så enkle å tolke. Døma over viser kor viktig det er å ha ei brei, kontekstuell tilnærming til ytringsfridomssaker for å vurdere det nærare meiningsinnhaldet i utsegn – og dermed om ein kan gripe inn i dei, eller om dei er verna av ytringsfridommen.

Sjølv om fleire av dei nemnde ulovlege ytringane er straffbare, er det stort sett berre dei aller grovaste som blir forfølgde strafferettsleg. Andre overtramp må i staden leggjast fram for domstolane av enkeltpersonar i form av private søksmål.

Du er sjølv ansvarleg for det du ytrar

Kvar enkelt er ansvarleg for ytringane sine. Også vidareformidling av krenkjande ytringar kan medføre ansvar. Vidareformidling med aktverdig føremål – som å opplyse den offentlege debatten – er ofte verna av ytringsfridommen. For ulovlege ytringar i redigerte medium har òg redaktøren eit ansvar.

Dei som ytrar seg på nett, kan vere krevjande å etterspore. Ikkje alle nettmedium blir redigerte. Eventuelt blir dei redigerte primært etter kommersielle retningslinjer, utan ein redaktør som kan gjerast rettsleg ansvarleg. Dette kan gjere det vanskelegare å rettsforfølgje ulovlege ytringar som er sette fram på nett.

Endringa av paragraf 100 i Grunnlova

Grunnlova sin paragraf 100 om ytringsfridom blei vesentleg endra i 2004. Det hadde blitt hevda at føresegna var forelda, at ho ikkje gav tilstrekkeleg vern til ytringsfridommen i eit moderne samfunn, og at ho ikkje spegla Noregs forpliktingar ifølgje EMK.

Arbeidet med å greie ut ei ny grunnlovsføresegn blei gjort av Ytringsfridomskommisjonen, under leiing av historieprofessor Francis Sejersted. Kommisjonen føreslo ei ny føresegn som var grunngiven i dei tre omsyna (sanning, personleg fridom og demokrati) som er beskrivne i denne artikkelen (NOU 1999: 27). Stortinget vedtok i 2004 ein ny paragraf 100 med desse grunngivingane.

I samband med grunnlovsreforma 13. mai 2014 behandla Stortinget forslag om å inkludere ordet "religion" i Grunnlova paragraf 100 tredje ledd første punktum, slik at det eksplisitt skulle kome fram at alle har rett til å ytre seg fritt om religion. Forslaget fekk ikkje to tredjedels fleirtal og blei dermed ikkje vedteke.

Viktige omgrep

Kjelde

Kierulf, A. & Gisle, J. (2021, 21. desember). Ytringsfrihet. I Store norske leksikon. Henta 3. mai 2022 frå https://snl.no/ytringsfrihet

CC BY-SASkrive av Anine Kierulf og Jon Gisle. Rettshavar: Store norske leksikon
Sist fagleg oppdatert 11.11.2021

Læringsressursar

Ytringsfridom og ytringsansvar