Hopp til innhald
Eigenvurdering

Eigenvurdering for emna ytringsfridom og ytringsansvar

Er ytringsfridom ein universell menneskerett, og kva avgrensingar kan vi leggje på denne retten for å ta omsyn til andre individ og behovet til fellesskapet? Kva inneber det å ha ytringsansvar, både moralsk og juridisk? Og korleis viser media at dei har ytringsansvar?

Kva har du lært om ytringsfridom og ytringsansvar?

Gå gjennom desse punkta og få oversikt:

  • Eg veit kva ytringsfridom inneber, og korleis denne retten er nedfelt i FNs menneskerettserklæring, den europeiske menneskerettskonvensjonen og den norske grunnlova.
  • Eg forstår kva ytringsansvar inneber av juridiske og moralske forpliktingar, for både vanlege borgarar og redaksjonelle og sosiale medium.
  • Eg kjenner til utfordringar som oppstår i eit demokrati i møte med ekstreme ytringar og medviten desinformasjon, og kan reflektere rundt denne problemstillinga.
  • Eg kan reflekter rundt ytringsfridom som individuell fridom i møte med kollektive og ikkje-sekulære kulturar.
  • Eg veit korleis eg kan bidra til å gi dei stemmelause i samfunnet ei stemme.

  • Eg kan reflektere over samanhengen mellom form og innhald i eigne og andre sine medieforteljingar om ytringsfridom.

Fagomgrep